Gå til sidens hovedinnhold

Færre arbeidssøkjarar hos Nav i desember

I desember er det registrert 193.300 heilt ledige, delvis ledige og arbeidssøkjarar på tiltak hos Nav. Det er 3.000 færre enn i november.

106.900 personar var registrerte som heilt ledige ved utgangen av desember, noko som utgjer 3,8 prosent av arbeidsstyrken.

29.500 av desse er permitterte, opplyser Nav i ei pressemelding.

Bruttoarbeidsløysa – summen av heilt ledige og arbeidssøkjarar på tiltak – var på 122.000 personar, eller 4,3 prosent av arbeidsstyrken. Ytterlegare 71.300 personar var registrerte som delvis ledige, og 31.500 av desse er registrerte som delvis ledige.

Dei permitterte utgjer 2,2 prosent av arbeidsstyrken, og det er ein liten nedgang sidan november.

Det er ein nedgang i talet på heilt ledige i alle fylke i landet. Arbeidsløysa er høgast i Oslo, med 5,7 prosent. Lågast er ho i Nordland og Trøndelag, med 2,6 prosent.

Finn jobbar

Nedgangen i desember betyr at auken i november delvis er reversert.

– Nedgangen denne månaden skjer særleg blant arbeidsledige som ikkje er permitterte. Dette kan tyde på at arbeidsgivarar som har permittert tilsette, ikkje har hatt moglegheiter til å ta dei tilbake denne månaden, men at ordinære arbeidsledige likevel finn jobbar, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.

Halvering sidan april

Talet på arbeidssøkjarar vart rekordhøgt etter nedstenginga i mars, og toppen vart nådd i midten av april. No er det 239.300 færre arbeidssøkjarar registrerte hos Nav enn den gong, det vil seie at talet er halvert.

Men samanlikna med tala for desember i fjor er det ein auke på 91.600.

Færre innan sal, fleire innan bygg

Den siste månaden har talet på heilt ledige gått ned i dei fleste yrkesgrupper. Størst nedgang er det innan butikk- og salsarbeid, der det er 600 færre enn i november. Deretter følger serviceyrke og ingeniør- og IKT-fag.

Størst auke er det innan bygg og anlegg, der 400 fleire no er registrert som heilt ledige.

Ved utgangen av desember var delen heilt ledige av arbeidsstyrken høgast innan reiseliv og transport med 11,2 prosent, skriv Nav.

Kommentarer til denne saken