Helsing for jula 2004!

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Atter ein gong feirar vi jul! Atter ein gong får vi lesa juleevangeliet og gleda oss over Han som vart fødd i ein stall til frelse for alle menneske i verda!

DEL

Dersom du ikkje har ein Bibel for handa, kan du lesa denne julesongen som er skriven av biskop Bernt Andreas Støylen. Her finn du essensen av jula sitt evangelium i fem korte vers!

Biskop Støylen (1858 -1937) var biskop i Agder, og skreiv både salmar og åndelege songar. Han gav og ut Norske barne rim og leikar (1899), og var med på å gi ut Nynorsk Salmebok.

Det er ein av lesarane våre som har valt julesongen denne gongen, og dessutan sendt med eit nydeleg bilde som illustrasjon. Bildet kan ein finna i Det Fransiskanske kapell i Betlehem, og temaet er hyrdemarka i Betlehem.

Tone: Det kimer nå til julefest

Til Betlehem i Juda land

I kveld me vandrar hand i hand.

Om det er mørkt og langt å gå,

Til Jesus skal me trygge nå.

Der ligg eit barn på høy og strå

Som alle englar tena må.

Han kviler i eit krubberom

Og eig all himlens herlegdom.

Han sat på himlens kongestol,

Hans klednad skein som gull i sol.

No ligg han sveipt i ringe klut,

Ser hjelpelaus og fattig ut.

For oss han låg i krubberom

Og kledde seg i armodsdom.

Til oss i fattig heim han kom,

Bar sidan kross og daudedom.

No gjeng hans lov kring alle land,

No losnar alle tungeband.

Og jolesong stig opp til Gud

Frå barnemunn i nord og sud.

”Og ein himmelsk hærskare lovpriste Gud og song: Ære vera Gud i det høgste og fred på jorda hjå menneske som Gud har hugnad i!”

Ei velsigna jul til alle våre lesarar!

Artikkeltags