Fantastisk mønstring på Fedje

Sofie and the Rockers

Sofie and the Rockers Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

FEDJE: Publikum fekk oppleva alt frå klassisk fløytespel, pop, country og Death Metal under Ungdommens kulturmønstring på Fedje lørdag.

DEL

Totalt 105 deltakarar var påmelde til årets UKM, fordelt på scene, kunst, konferansier og unge arrangørar. Heile seks band frå ulike kommunar gjekk vidare. Eit av banda som markerte seg sterkt var maskerte «Children of Cain» som framførte sin eigen låt «Raatten». Bandet er eit eksperimentelt black og death metal-band. Om seg sjølv seier dei at denne mørke, maskerte kvintetten fra Vestlandets dypeste avgrunn er i ferd med å ta heile kosmos med storm, og kvar mann, mus og keiser bør ta seg i akt.

LES OGSÅ: Stor bildeserie frå



Eit anna av banda som gjekk vidare er bandet «4some» frå Meland. Gruppa består av Henrik Eikrem Åmdal på bass, Isak Rismyhr Jansen på trommer, Serlina Wiig Sulebakk på vokal og Simon Skarsvåg Furnes på gitar.

- Dette var veldig gøy, seier bandmedlemmane etter at dei gjekk vidare. Det er første gongen dei er med på UKM i denne sammansetninga, men dei tre gutane har vore med før i andre band.

- Det blir utruleg spennande å få vera med på fylkesfinalen, seier dei fire. Bandet starta å øva saman til UKM litt før jul, og koste seg på scena i fleirbrukshallen på Fedje. Store planar framover har dei ikkje laga enno.

- Vi får sjå kva som skjer, seier dei.

LES OGSÅ: Vidare med Venus

I tilllegg til dei som står på scena og stiller ut kunst deltek ungdommar som konferansier og unge arrangørar.

- Dei har gjort nesten alt sjølv, dei stod på til klokka tre natta før for å få rigga alt på plass, seier ungdomskoordinator i Radøy, Katarina Birkeland.

- Arrangementet har gått veldig bra. Vi har over tretti fleire påmelde i år enn i fjor, seier Birkeland.

Desse gjekk vidare til fylkesmønstringa på USF Verftet 18. til 19. april:
 

Masfjorden:

Silje Kvamme Andersen med sjølvskreven song «Need».

Austrheim:

Emilia med songen «Titanium».
Oda Monslaup Ese med bildet «Venus».
Unge Arrangørar: Henrik Nielsen, Mamadee Kaba og Sverre Løvslett.

Radøy:

Bandet «Lavender Moth» med sjølvskrevet song «Butterfly».
Bandet «Say Ida» med sjølvskrevet song «Paper Love».
Bandet «5937» med sjølvskrevet song «Dette går i myre».
Amanda og Eline med sjølvskreven song «Stupid me».
Konferansier: Benedicte Sylta Langøy.
Unge arrangørar: Steffen Sævdal Vestheim, Maria Murberg, Ida Thomassen og Anita Lunde.

Meland:

Linn Storsæt med songen «True Colors».
Bandet «4some» med songen «Unnatural Selection».

Lindås:

Bandet «Children of Cain» med songen «Raatten».
«Sofie and the Rockers» med songen «Stop»
Goda Levickaitte med songen «Titanium»
Bandet «Paradise Vendors» med songen «If I died».