Onsdag kveld, mellom klokka 19 og 20, skal ein tilsett hos Ngir ha funne ein granat saman med metallavfall som vart kasta på Mjåtveit gjenvinningsstasjon.
Det melder Ngir i ei pressemelding torsdag føremiddag.
Granaten vart oppdaga ved tømming av konteinaren i Kjevikdalen, då dørene på konteinar vart opna.
– Alt tyder på at den vart kasta på Mjåtveit gjenvinningsstasjon laurdag 30. juli, går det fram i pressemeldinga.
Kan vere farleg grunnstoff
Renovasjonsselskapet har varsla politiet, som igjen har varsla Forsvaret.
– Vi ventar no på svar frå Forsvaret om kva vi skal forta ta oss vidare.
Ifølge Ngir meiner politiet at det kan vere snakk om ein lysgranat fylt med fosfor, som er eit farleg og etsande grunnstoff.
Det er uvisst om granaten er detonert.
Plassert på avsperra område
Granaten skal vere plassert på eit avsperra område ved deponiet i Kjevikdalen, vekke frå gjenvinningsstasjonen, tilsette og publikum.
Selskapet understrekar at eksplosiv ikkje skal leverast på ein gjenvinningsstasjon saman med «vanleg» avfall, verken når det er fyrt av eller ikkje.
Ein granat er eksplosivt avfall som utgjer ein fare for eksplosjon, som ammunisjon, eksplosiv eller udetonert fyrverkeri.
– Dette er type avfall vi ikkje handterer.
Bombegruppe på veg
Like etter klokka 11 er Minedykkerkommandoen ved Haakonsvern på veg til gjenvinningsstasjonen for å destruere granaten.
Det får BA opplyst av Wiggo Korsvik, orlogskaptein ved Forsvarets operative hovedkvarter.
– På midten har granaten sharepins som er plugga inn på midten. Når dei er til stades, må vi anta at den er skarpladd. Minedykkerkommandoen vil ha med røntgen og vekt for å finne ut om den er ladd, men vil uansett destruere den, fortel han.
Klokka 14:15 er Minedykkerkommandoen enno ikkje på staden.