Det var under ein handletur på Rema 1000 i Knarvik at den gamle gifteringen dukka opp liggande på asfalten. Lena Cecilie Brynhildsen gjorde fleire forsøk på å finna eigaren, men utan å lukka.

Åra gjekk, men då Brynhildsen nyleg skulle pakka flyttelasset – for å flytta frå Seim til Sotra – dukka gullringen oppatt.

– Eg hadde heilt gløymd ringen, men fann han att under flytting. Det hadde vore veldig kjekt om eigaren kunne få ringen tilbake.

Vil finna eigaren

No har ho lagt ut bildet av ringen på ei gruppe på Facebook, i håp om at ein eigar skal melda seg.

Ringen er ein typisk herrering, med namnet «Margot» gravert på innsida. Sjølv om ringen ber preg av å ha vore mykje brukt, er òg bryllaupsdagen mogeleg å tyda. Ein dato i 1963.

Veit du om nokon som heiter Margot som gifta seg i 1963, hadde både Nordhordland og Lena Cecilie sete stor pris på om du kontakta oss, slik at ringen kan komma tilbake til eigaren, eller eventuelt ein arving. Send oss i så fall ein e-post til [email protected].

Akkurat kva tid det var ringen vart funnen kan ikkje Brynhildsen hugsa lenger. Men ho reknar med at det er minst ti år sidan.

No håpar ho at eigaren, eller kanskje ein etterkommar, melder seg.

– Eg hadde sett stor pris på om nokon kunne hjelpa med å finna eigaren, seier Brynhildsen.

Ho vil no levera ringen til politiet.