Fallulykke på Mongstad

Fallulykka skal ha skjedd inne på området til Mongstad Base. Arkivfoto

Fallulykka skal ha skjedd inne på området til Mongstad Base. Arkivfoto

Vest politidistrikt melder om arbeidsulykke på Mongstad tysdag føremiddag.

DEL

Klokka 1133 vert det meldt om ei arbeidsulykke på Mongstad.

Naudetatar er på veg til staden.

Det skal vere snakk om ei fallulykke. Vedkommande er bevisst.

Operasjonsleiar Vibeke Næss seier at naudetatane vart varsla like før klokka 1130.

Skader i arm og skulder

– Ein mann skal ha falle, og er bevisst, seier ho til Avisa Nordhordland.

Ulykka skal ha gått føre seg inne på Mongstad Base.

Næss har ikkje fleire detaljar om hendinga per no.

Klokka 1152 var ambulanse framme på staden.

- Vedkommande framstår ikkje som alvorleg skada. Mogleg skader i arm og skulder, opplyser Vest politidistrikt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken