Tysdag ettermiddag har Lena Cecilie Brynhildsen køyrt frå Sotra til Knarvik med ein heilt spesiell leveranse.
For kring ti år sidan fann ho ein giftering på ein parkeringsplass i Knarvik. Ringen har no vist seg å tilhøyre Martin Skomsøy (80). Han mista den i 1967.
Eg hadde aldri trudd at eigaren av ringen skulle dukke opp. Det er jo heilt utruleg. Han har venta på den i så mange år.
Lena Cecilie Brynhildsen
Dette hadde eg aldri drøymt om. Aldri. Eg trudde ringen var vekke, og at dette berre var tull.
Martin Skomsøy
Etter 55 år kunne Martin endeleg setje ringen på fingeren igjen
Det vart tårevått då Lena Cecilie Brynhildsen gav Martin Skomsøy tilbake gifteringen som han mista i 1967.