Gå til sidens hovedinnhold

Erna Solberg: – Folk bør leggje plan B for jula

Om storfamiliar på 10–15 personar kan samlast på julaftan, er uvisst. I dag gjeld ei tilråding om maks fem gjester.

Folk bør allereie no byrje å leggje planar for ei alternativ julefeiring, meiner statsminister Erna Solberg (H).

– Eg har allereie avlyst mine to årlege gløggselskap. Den delen av julefeiringa er ute, seier Erna Solberg til NTB.

Om storfamiliar på 10–15 personar kan samlast på julaftan, er uvisst. I dag gjeld ei tilråding om maks fem gjester.

– Eg ville ikkje avlyst det enno, men eg ville hatt ei alternativ planlegging, seier Solberg.

Det er smittetala den siste tida som får regjeringa til å stramme til retorikken rundt julefeiringa. Fredag vart det rapportert om 710 nye koronatilfelle, det høgaste talet nokon gong.

– Negativ retning

På pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen fredag slo helseminister Bent Høie (H) fast at utviklinga har gått i ei så negativ retning dei siste vekene at vi må førebu oss på at det kan bli koronatiltak gjennom jula.

Tiltaka dei siste vekene har nettopp hatt som mål å berge ei normal julefeiring. Den siste runden med innstrammingar vart kunngjort i førre veke og tredde i kraft tysdag.

– Men som eg òg sa på det tidspunktet, har utviklinga no har gått i så negativ retning at vi òg må vere førebudde på at det kan vere tiltak gjennom jula, sa Høie.

Les også

Koronatiltaka kan bli forlenga: Dette meiner desse lokale personane om situasjonen

Stort håp

Likevel er det seks veker igjen til jul, og framleis er det mogleg at tiltaka vil ha betydeleg effekt, håpar helseministeren.

– Håpet er stort, for vi har jo vist før at vi har greidd å få det til, seier Høie til NTB.

Mange reiser gjerne heim til jul, noko som inneber større rørsle i befolkninga. Akkurat det bekymrar ikkje statsministeren så mykje – førebels.

– Men alle bør planleggje for at vi faktisk kan vere i eit situasjon til jul der vi ikkje klarer å få det til, seier Solberg og legg til at folk som er sjuke eller har symptom, uansett må unngå å reise.

Les også

Person knytt til Grasdal skule testa positivt – fleire trinn i karantene

Karantenereglar skal hindre nye smitteutbrot

Høie meiner det òg er viktig at ein ikkje slepper opp for tidleg og dermed mistar kontrollen.

– Det er noko vi må vurdere når vi ser resultata av tiltaka. Og det er avhengig av innsatsen til kvar enkelt av oss, seier han.

Den siste tida er det innført strengare reglar for innreisekarantene for personar som kjem frå land med høgt smittetrykk. Eventuelle julegjester frå utlandet må no i ti dagars karantene, noko som skal bidra til å hindre nye smitteutbrot.

Statsminister Erna Solberg understrekar at reglane som no er på plass, er strenge. Så strenge at hennar eigne barn ikkje slepp unna.

– Vi har karantenereglar som er skarpe. Det betyr at alle vi mødrer som har barn som studerer i utlandet, må vere sikre på at barna våre faktisk set seg i karantene når dei kjem heim på julebesøk, seier Solberg.

Les også

Heftig debatt om turretning: No kan du gå rundt Kvassnesstemma den vegen du vil

Les også

Yngve: – Anten må dei skilte skikkeleg, eller så tar dei vekk A4-greiene

Les også

Leif Kjetil (25) og familien fekk ein ubehageleg tur rundt Kvassnesstemma: – Vi følte oss ikkje velkomne

Kommentarer til denne saken