Bildet av bussen på snuplassen i Andvik i Masfjorden fører til mange kommentarar på Facebook. Nokre er vittige, andre undrande, somme beundrande, men ingen stiller spørsmålet om dette er trygt og sikkert.

Det finst mange slike snuplassar i Nordhordland. Eg kallar manøveren for ein «spesialoperasjon». Du må rygga og svinga utan marginar korkje framme eller bak. Stabbesteinar, støypekantar, eit skur, trær og stive grøne greiner stryk forbi så vidt det er.

Sjåføren må gjera alt rett heile tida. Her er ingen marginar. Nokre stader må fronten eller bakstussen på bussen over ein kant og ut i lause lufta.

I desse dagar startar skulane opp att etter sommaren. Snart er det mørketid. Skuleborn skal hentast frå fjernt og nært. Mange møter skuleskyssen på plassar der den store bussen må rygga for å snu. Skuleborna skal ha ros for at dei stort sett er flinke til å stå i ro og venta til bussen har stansa. Men kva om ein liten førsteklassing kjem springande litt for seint og ikkje skjønar kor farleg ein ryggande buss kan vera?

Tilsynelatande er det ingen som bryr seg, for det skjer inga endring. Snuplassane er dei same. Difor etterlyser eg engasjement frå Skyss som «eig» kollektivtrafikken, frå Vy og andre selskap som køyrer, sjåførar, tillitsmannsapparatet, verneombod, lokalpolitikarar, skulane og ikkje minst foreldra.

Målet er trygg skuleveg med ein trygg snuplass for skulebussen.