Er du abonnent på Avisa Nordhordland? Då får du også gratis tilgang til over 70 lokalaviser landet rundt

Av

Er du abonnent på Avisa Nordhordland får du no gratis tilgang til over 70 andre lokalaviser i Amedia.

DEL

Avisa Nordhordland er eigd av lokalaviskonsernet Amedia som har over 70 lokalaviser landet rundt i porteføljen sin.

På grunn av koronakrisa og det store informasjonsbehovet avisene opplever landet rundt, er det beslutta å gje abonnentane fri tilgang til dei andre lokalavisene i konsernet ut april.

Tilgangen får du altså for den samme prisen som du allereie betaler som Nh-abonnent.

– Vi ser at informasjonsbehovet rundt koronakrisa er veldig stort, så dette er eit veldig bra tiltak av Amedia som gir abonnentane våre sjansen til å lese viktig stoff frå andre distrikt ein interesserer seg for i det som er ein historisk og kritisk periode for landet vårt, seier redaktør Trond Roger Nydal.

Det betyr for eksempel at du no kan lese aviser som Bergensavisen, Firda, Firdaposten, Sogn Avis, Hardanger Folkeblad og Kvinnheringen som er dei nærmaste Amedia-avisene her på Vestlandet.

På samme måte kan abonnentane til desse avisene og alle andre i Amedia no lese Avisa Nordhordland.

– Då får endå fleire anledning til å lese viktige nyheiter frå vår region og kva konsekvensar krisa får for Nordhordland. Vi meiner det i dagens situasjon er riktig og viktig at abonnentane får tilgang til så myke nyheiter som mogleg, seier Nydal.

Det nye midlertidige produktet har fått namnet +Alt

Den opne og frie tilgangen til å lese plussa innhald på dei ekstra avisene vil vare fram til utgangen av april. Det kjem ikkje til å bli gjort endringar i ditt abonnement. +Alt er berre tilgjengeleg for privatkundar.

Dei svarte prikkane på kartet viser kvar det er lokalaviser du no kan lese med abonnementet ditt på Avisa Nordhordland.

Dei svarte prikkane på kartet viser kvar det er lokalaviser du no kan lese med abonnementet ditt på Avisa Nordhordland.

Artikkeltags