Er dette tida for å grille på verandaen? Vêret er i alle fall med på leiken

SOL: Det er blå himmel over Kvernafjorden fredag føremiddag.

SOL: Det er blå himmel over Kvernafjorden fredag føremiddag. Foto:

I ei tid der nesten heile befolkninga må halde seg mest mogleg heime og inne, vel sola å komme. Det blir finvêr heile helga, og det er ikkje sikkert sola forsvinn med det første.

DEL

(Firda): – Det ser lovande ut, seier Gunnar Livik.

Han er meteorolog hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Når ein meteorolog seier det ser lovande ut, så betyr det (ja, du tenkte rett), at det blir sol i helga.

– Det vil nok ligge ei lokal morgontåke fleire stader, men denne vil forsvinne fort, seier Livik.

Ikkje sikker på om det er vår heilt enno

Det kan virke som om våren har kome. I alle fall påskevêret, men om det faktisk er våren som har kome allereie, er ikkje Livik så sikker på:

– Det er litt vanskeleg å seie, for temperaturen om nettene er framleis låg. Likevel byrjar sola å kome så høgt på himmelen at ho får bra tak no.

Det kan likevel kome nokre skyer som ber regn eller sludd på kysten fredag og søndag ettermiddag. Laurdag kan det kome ein liten kuling på kysten. Han seier vidare at det kan sjå ut til at det blir opphaldsvêr neste veke også.

– Så lenge du ikkje har fått kroken fullstendig på døra, kom deg ut!

Sjølv om meteorologar er vêrekspertar og ikkje helseekspertar, dristar Firda seg til å spørje om eit dilemma som dukkar opp no i koronakrisa:

– Mange må halde seg heime no, og mange sit i karantene. Kva gjer vi når i ser sola skin ute?

– Så lenge folk ikkje har fått fullstendig kroken på døra, er det vel anbefalt å kome seg ut og få litt frisk luft. Det blir ikkje kjempevarmt, så folk må framleis kle seg godt, svarar Livik.

Eller kanskje ein kan kose seg litt ekstra på verandaen i helga?

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken