– Vi må løyse utfordringa med å redusere CO₂-utslepp. Det er ei stor og kompleks oppgåve. Vi må transformere eit stort anlegg.
Det sa Equinor sin ansvarlege for anleggsutvikling og klima ved raffineriet, Sissel Nepstad, frå podiet under næringskonferansen på Mongstad onsdag.
I desember i fjor starta selskapet arbeidet ei studie som kan ende med at det blir lagt endå fleire leidningar frå raffineriet og ut i Nordsjøen. Ei av løysingane for å få ned utsleppa frå det største punktutsleppet på Noregs fastland, involverer både hydrogenproduksjon og karbonfangst og -lagring.
Hydrogenfabrikk
Tanken er å bruke gass frå raffineriet til å produsere såkalla «blått» hydrogen. CO₂-utsleppa frå hydrogenproduksjonen skal fangast og sendast i rør frå Mongstad og ut til Smeheia-området i Nordsjøen.
På vårparten i fjor blei det offentleggjort at Equinor fekk lisens til å lagre CO₂ under havbotnen i Smeheia-området. Det er altså til dette området selskapet vurderer å legge ein ny undersjøisk leidning, som nær sagt vil gå parallelt med tilsvarande røyrsystem som leggjast frå Øygarden, ein del av regjeringas Langskips-prosjekt.
Dagleg leder Sturle Bergsaas ved Equinor på Mongstad fortel til BA at prosjektet kan halvere CO₂-utsleppa frå Mongstad. Men både Bergsaas og Nepstad understrekar at prosjektet er i ein tidleg fase, og at det per i dag ikkje er mogleg å seie om det blir gjennomført.
Ansvarleg for forretningsutvikling på Equinors landanlegg, Ole-Tobias Frich, anslår overfor BA at ein investeringsvedtak vil kunne takast rundt 2026.
Alle understrekar at moglegheitsstudien også er ein plan om å ta det store industriområdet ved Fensfjorden inn i ei ny tid. Etterspurnaden etter dei fossile produkta som går ut portane på Mongstad fell, og er ventet å gå ytterlegare ned i takt med at etterspurnaden etter grønare drivstoff aukar.
Ifølge årsrapportane har raffineriet sleppt ut mellom 1,7 millionar og 2 millionar tonn CO₂ kvart år frå 2020 til og med 2022.