Equinor Mongstad vart evakuert då tungolje byrja å brenna

Ein tipsar har sendt oss dette bildet, kort tid etter alarmen gjekk på Mongstad. Ein ser blålysa inne på området.

Ein tipsar har sendt oss dette bildet, kort tid etter alarmen gjekk på Mongstad. Ein ser blålysa inne på området. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

110-sentralen melde like etter klokka 23, onsdag kveld at det brann på raffineriet på Mongstad.

Det var først uklart kva som hadde skjedd, men eit augevitne sa til avisa Nordhordland at han såg stikkflammar nede på anlegget og deretter mykje røyk frå raffineriet. Deretter gjekk alarmen.

Det vart sendt brannmannskap frå Lindås, Knarvik og Austrheim til staden. I tillegg har Mongstad sin eigen brannstyrke som var i aksjon.

– Me veit ikkje kva som har skjedd, me veit berre at det er meldt om ein brann, sa vakthavande befal ved Lindås, Meland og Modalen brannvern, Ole Johan Ingebrigtsen, til avisa Nordhordland rundt klokka 23.18.

– Det var snakk om noko tungolje som brann i ei pumpe på raffineriet, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Frode Kolltveit til avisa Nordhordland.

Det vat sett i verk full evakuering av alle som var på arbeid.

– Klokka 2320 fekk me melding om at det ikkje var nokon skadde og at brannen hadde gjeve seg, seier Kolltveit.

Det vart og sendt av garde fleire politipatruljar frå Bergen, men dei gjorde vendereis, men ein patrulje frå Knarvik er på veg til staden for å skaffa seg oversikt over kva som har skjedd.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags