Jubla for at bokbåten «Epos» får leva vidare: Feira med kake og flagg

Bokbåten «Epos» får leva vidare. Det feirar folk med kake og flagg. Her er bokbåten på Åsgard. Agathe Gausereide.

Bokbåten «Epos» får leva vidare. Det feirar folk med kake og flagg. Her er bokbåten på Åsgard. Agathe Gausereide. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Folket på Åsgard er jublande glade for at bokbåten «Epos» får leva vidare.

DEL

– Eg skjønar ikkje kva dei tenkte, dei som ville ta bokbåten frå oss, det seier Agathe Gausereide til avisa Nordhordland.

Ho er bok-kontakt på Åsgard og er levande opptatt av bokbåten.

– Det er noko heilt spesielt å få oppleva ting på den plassen ein bur på, i vår eiga bygd, seier Gausereide.

LES OGSÅ: Fylket lar Epos flyte vidare

Fått besøk i generasjonar

Tidlegare i månaden vart det kjent at fylkesrådmannen ville legga ned bokbåten «Epos». Den har alt gått sin siste tur i Sogn og Fjordane, no var det fare for at den var på veg ut på sin siste tur i Hordaland også. Men eit stort engasjement redda båten.

– Det er stor stas når båten kjem. Me har vore van med å ha den her i generasjonar. seier ho.

Kvar gong bokbåten kjem til Åsgard, stiller ho opp med nybaka kake. Denne gongen var det Oreokaka ho kom med.

Men medan Gausereide stiller med kaka, stilte Christine Veland og sambuaren Trond Åsgard med flagg på huset.

– Me må jo det, seier Veland.

– Me likar bokbåten og me er her kvar gong den er her. Det er veldig kjekt for store og små barn, seier ho.

Bokbåten «Epos» får leva vidare. Det feirar folk med kake og flagg. Her er bokbåten på Åsgard. Trond Åsgard. Christine Veland. Odin Åsgard.

Bokbåten «Epos» får leva vidare. Det feirar folk med kake og flagg. Her er bokbåten på Åsgard. Trond Åsgard. Christine Veland. Odin Åsgard. Foto:

Rundt 30 store og små hadde tatt turen til Åsgard denne laurdagsettermiddagen. Bibliotekar Thomas Breivik seier besøkstala har tatt seg opp etter at det var snakk om nedlegging.

– Det er stor glede at den får leva vidare. Det aller deiligaste er å kunne konsentrera seg om jobben att, det å få formidla litteratur til folket, seier han.

– Har «Epos» er framtid?

– Definitivt. Me fornyar tilbodet heile tida og eg håpar verkeleg me får ein pause no, seier han.

Blant dei mange barna om bord som var der for å sjå på teater og låna bøker var Andre Espevoll på fem år.

LES OGSÅ: Bokbåten «Epos» har alltid kakestopp på Åsgard

Bokbåten som samlingsplass

– Det er ein heilt bra båt, seier han.

Han liker å låna bøker når han er på båten, særleg bøker med bilde i. På laurdag fann han seg ein diger bunke med bøker. Også mora Ann Kathrin tykker det er ein bra båt.

– Om båten hadde vorte kutta hadde me mista eit godt tilbod, seier ho.

Ho viser til at det handlar ikkje berre om bøker og skodespel heller.

– Folk møtest også, seier ho.

LES OGSÅ: – Kjem til å sakna den

Torstein Hågensen Drønen seier bokbåten gjev dei eit avbrekk i kvardagen.

– Hadde dei kutta ut båten, hadde det vorte mindre bøker og kultur, seier han.

Det kulturelle innslaget om bord stod Roald Kaldestad for. Han las frå ei av sine bøker.

– Det er veldig rørande å sjå kor mykje det betyr for folk at bokbåten er, seier han.

Han trur det er engasjementet for båten som redda den.

– På kvar minste kai kjem det jo folk, seier han.

Han meiner dei som truga med å legga ned båten, berre er folk som sit på eit kontor og ikkje veit kva båten betyr for folk.

– Hadde dei det, hadde dei ikkje foreslått å legga den ned, sluttar han.

LES OGSÅ: – Ikke senk bokbåten

Artikkeltags