Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
«Vi har tante Ingrid. Ja, vi har tante Ingrid!»
Songen runga over Festplassen i Bergen søndag. I hopetal hadde bergensarar og strilar møtt opp for å hylla dei ferske gulljentene frå Brann, som hadde vunne cupfinalen dagen før.
Dei aller viktigaste av dei frammøtte ana likevel ikkje kor spesiell denne hendinga var. Det var nettopp det som gjorde denne søndagskvelden så stor. Ikkje berre i Bergen, men i Norge. Ja, eit stykke ut i verda.
For blant dei som hadde møtt opp krydde det av små fotballjenter. Fotballjenter som opplever at det er heilt naturleg at folk frå «Halhjem i sør til Lindås i nord» dukka opp for å hylla ferske cup- og serievinnarar.

Ingrid Ryland krona karrieren på perfekt vis
Og nesten like viktig: Saman med dei stod små fotballgutar som opplevde seansen som like naturleg. Sjølvsagt skulle gulljentene få fyrverkeri og folkefest, slik herrelaget ville ha fått.
Det var likevel ingenting kvardagsleg med markeringa på Festplassen søndag kveld. Det var ein milepæl ikkje berre i idretts- og fotballhistoria, men òg i likestillingshistoria.
For første gong tok ein by i mot dei kvinnelege fotballheltane på same måte som ein ville tatt i mot eit herrelag som hadde vunne cupen og serien. Med buekorps. Med ordførar og byråd. Med songar som hylla både lag og enkeltspelarar. Med full musikk, røykmaskin og fyrverkeri.
For første gong her til lands vart kvinnefotballen løfta frå å berre vera idrett. Det handla om identiteten og patriotismen som gjer fotballen til noko heilt eige.
Midt blant dei som vart hylla fann me ei av våre eigne. Ingrid Ryland, blant supportarane berre «tante Ingrid», var blant dei som fekk aller mest jubel. Ingen veit meir om den enorme reisa som leia fram til folkefesten på Festplassen, etter 16 år med toppfotball. I løpet av dei 16 åra har altendra seg.
Ho har vore med på det meste etter at ho reiste frå grusbana på Kaland og grasbana på Årås og ut i verda. Proff i Liverpool og Djurgården. To seriemeisterskap. To kongepokalar. Ja, til og med sølv i EM i fotball. Likevel var det først i 2022 at ho faktisk fekk oppleva det som unge fotballgutar og fotballjenter ser på tv-skjermen når dei er små.
Det var i 2022 fotballen vart meir enn berre idrett. Også for kvinnene.
Det var i 2022 den formidable merkevara Sportsklubben Brann omfavna jentene. Det var i 2022 det kom over 10.000 publikummarar på kampar i Toppserien. Det var i 2022 Ada Hegerberg kom tilbake til det norske landslaget, etter å ha protestert mot at kvinnene var behandla på ein heilt annan måte enn herrane. Det var i 2022 fotballen kom heim då engelske kvinner vann EM på heimebane. Ikkje på treningsfeltet til ein herreklubb, men på den aller største scena; Wembley.

Gull, hyllest og tårer for «tante Ingrid»
Og kanskje aller viktigast: Det var i 2022 ein fotballpresident frå Frekhaug gjekk på talarstolen i Doha og snakka pampeveldet midt i mot.
Historia Lise Klaveness fortalde til FIFA-kongressen starta med nettopp det dette handla om: «Som ung jente tok eg med meg fotballen min over alt, òg i senga kvar kveld. Ballen lukta så ille at til og med katten min hoppa vekk frå puta. Ein oransje fotball meint for å spela på snødekte grusbaner. Ein trettenåring som drøymde om å meistra ballen, og sleppa frykta for å ikkje passa inn».
Lise Klaveness nådde langt som fotballspelar, men hadde nådd endå lengre om ho hadde vore ung i dag. Jentene som stod på Festplassen i Bergen søndag kan drøyma om meir enn å meistra ballen.
Dei kan drøyma om å spela for Brann. Dei kan drøyma om å løfta pokalen på eit fullsett stadion. Dei kan ha sine eigne heltar; som Tuva Hansen, som Ingrid Ryland og som Signe Gaupset.
På den same scena søndag stod òg Åsane-kaptein Alise Tvilde Evensen (23) frå Alversund og Åsane-keeper Andrea Kvammen (17) frå Veland. Som nyopprykka til Toppserien, fekk også dei ta del i folkefesten på Festplassen. Saman med Ingrid Ryland, som har spelt sin siste kamp, er dei to gode bevis på at òg fotballjenter frå Nordhordland kan satsa på fotballen med draumar og ambisjonar.
Om under to veker brakar ei heilt anna side av fotballen laus i Doha. Fotball-VM i Qatar er ein skam for fotballen. Eit resultat av fotballpampar som har valt å berika seg sjølv i staden for å utvikla idretten. Eit hån mot verdiane til fotballfamilien. Ein manifestasjon av at ein framleis er milevis unna likestilling i fotballen, både når det gjeld kjønn, men òg når det gjeld seksuelle minoritetar.
Det er likevel ikkje det sjeikefinansierte luksuslivet til dei mannlege kollegaene kvinnefotballen bør trakta etter. Om kvinnefotballen kan halda fram med å vera noko anna, er potensialet større. Dei genuine fotballsupportarane er nemleg i gang med å venda ryggen til korrupsjonen, slavearbeidet og framandgjeringa som pregar herrefotballen.
Gje oss heller audmjuke, hardtarbeidande og sunne fotballjenter frå Alversund, Austrheim og Veland. 2022 er definitivt fotballjentene sitt år.

Dette sa Klaveness til FIFA-kongressen

Stolte strilar fekk med seg at Lise Klaveness blei fotballpresident i helga: – Ein historisk augneblink
