Endeleg får Nordhordland kunstlag vist fram sine kunstverk

Den kunstnariske kreativiteten har blomstra også under koronapandemien, og no skal endeleg medlemmane i Nordhordland kunstlag få visa fram sine arbeid på haustutstillinga.

DEL

– Korona har prega aktiviteten ein del i forhold til kurs og medlemskveldar og utstillingar. No er vi veldig glad for å kunne få visa fram kunst til dyktige kunstnarar i laget, seier Mette Træland, leiar i Nordhordland kunstlag.

Kunstlaget opnar si haustutstilling i Kunsthuset i Austrheim 31. oktober, og utstillinga er open for publikum i to helger.

– Dette blir ei spennande og variert utstilling med ulike teknikkar, nivået på kunstnarane er høgt, seier Mette Træland.

Ho er glad for samarbeidet med Kunsthuset om utstillinga, etter eit initiativ frå dagleg leiar i Kunsthuset, Arne Kastel.

Optimale forhold

– Det er mykje arbeid med å organisera ei slik utstiiling, så det er veldig kjekt å kunne få bruka eit galleri der oppheng og lys og plass er optimalt, seier leiaren i kunstlaget.

Femten av kunstlaget sine medlemmar har meldt seg på med to kunstverk kvar.

Publikumspris

Det blir kåring av ein publikumspris under haustutstillinga. Publikum kan stemma på det bildet dei likar best, og kunstnaren som vinn får diplom og premie.

I tillegg vil alle som deltar vera med i trekninga av eit gåvekort på Kunsthuset. Austrheim-ordførar Per Lerøy opnar kunstutstillinga lørdag 31. oktober.

Nordhordland kunstlag har ca 60 medlemskap og det er stor breidde og variasjon i aktiviteten i laget.

Følgjande kunstnarar er med på haustutstillinga:

Monica S Reknes, Bente Lingjerde, Åshild Ståløy, Camilla Holm Osberg, Arne Kästel, Eli Pedersen, Gørild A M Konradsen, Olaug Sæthre, Cathrine Hagesæther, Hilde Marøy, Morten Sæle, Elna Bauge, Laila Gangstad, Oda Holmås Hardeland, Marianne Kalnes, Elin Alver, Anne Valaker og Mette Marei Træland.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken