Eg kan framleis hugsa den sitrande spenninga. Heile våren gleda me oss. Då juni kom kunne me knapt venta.

For vår del starta det med ei slags oppvarming på Austrheim. Seinare Voss og Sogndal. Før det kulminerte i Danmark ein gong i tenåra. Ingenting i heile verda kunne konkurrera.

Det er mykje som har endra seg i oppveksten til barn og unge. Men ein ting er akkurat likt for mine barn som for meg sjølv:

Å få reisa på den store sommarcupen.

Det var solskin uansett vêr. Det var ei ny kjensle av fridom. Det var luftmadrass og lite søvn. Det var ekte gras under nye knottesko.

Dei siste åra har pandemien stilt krav til oss. Testing, katantene, avstand og avlyste reiser. Men som fotballtrenar og fotballpappa er det likevel ein beskjed ungane har motteke med ekstra tungt hjarte.

Den om at det heller ikkje i år vert nokon sommarcup.

Ekstra tung har beskjeden vore for dei barna som aldri har vore i Legoland, på Sørlandet eller i Syden. Dei som ikkje har nokon annan sommarferie å sjå fram til. Ikkje i fjor. Ikkje i år.

Men no! No er me der igjen.

Sjølv om det går rykter om at det framleis er korona blant oss, er det ingenting som kan stoppa små og store fotballjenter og fotballgutar denne sommaren.

Det store høgdepunktet er tilbake.

Pandemien var ikkje over for alvor før det første avsparket vart tatt på Austrheim cup denne helga. Neste helg reiser mange lag frå distriktet til Voss cup. Dei litt eldre drøymer om saftbygd og Sognefjord cup, Ekebergsletta og Norway cup og kuleis med guff og Dana cup litt seinare i sommar. Kanskje nokon har tenkt seg til Gothia cup i Sverige?

Det betyr ikkje så mykje om det er Austrheim, Voss eller Hjørring.

Det som betyr noko er at gjengen kan reisa på tur igjen. At nokon finn ut at dei har gløymd å kjøpa luftmadrass kvelden før avreise. At det er eit jentelag langt bortefrå på den same skulen. At det ikkje gjer noko om bussturen vert alt for lang. At maten i matsalen er akkurat passe. At ein kan ta fram igjen lagbildet mange år seinare. At nokon får heimlengt, men at det til slutt går fint likevel. At alle får pokal.

Om me vann eller tapte har gått i gløymeboka.

Om det er Austrheim cup, Voss cup, Sognefjord cup, Dana cup eller Norway cup betyr ikkje så mykje. Men graset under knottane. Solskin uansett vêr. Den første kjensla av fridom.

Her i avisa kan du sjå bilda av at alt no er tilbake slik det skal vera. Austrheim cup viste i helga endeleg fingeren til pandemien. Sjølvmåla var tilbake. Jubel med alt for lange ermer på draktene var tilbake. Grønska på shortsen var tilbake. Køen til kiosken var tilbake. Og eldsjelene. Ja, eldsjelene kunne letta konkludera med at dugnadsiveren ikkje var død.

Denne sommaren kjem ikkje berre fotballcupane tilbake. Det vert speidarleir. Korpstur. Handballtur. Skytestemne. Det vert sommarleir. Og mykje meir. I tur og orden skal barn og unge få barndommen og ungdommen tilbake. Det er så fortent. Særleg for dei som ikkje får nokon annan sommarferie.

Når ein er liten er desse arrangementa berre gøy. Akkurat slik det skal vera. Men etter to år utan, er eg meir sikker enn nokon gong:

Sommarcupen er ikkje berre gøy, men faktisk viktigare enn ein skulle tru.

Sander og Radøy tok tilbake tabelltoppen: Både NBK, Austrheim og Kvernbit tok viktige poeng

Bildeserie

Både fotballspelarar, publikum og frivillige storkoste seg på cup08