Erstad var Hareide sin næraste rådgivar i den dramatiske prosessen om vegvalet til partiet hausten 2018. Årsaka til utmeldinga er den politiske retninga partiet har tatt sidan, seier Erstad til Vårt Land.
– Den beste illustrasjonen på det er korleis KrF motsette seg å greie ut forbod mot homoterapi, men tilsynelatande hadde mindre problem med å stemme mot eit forslag om å la ureturnerbare asylsøkjarar få jobbe. Det er ei politisk prioritering som eg ikkje lenger kan stå inne for, seier Erstad.
Bompengestriden
Han viser òg til bompengeforliket i sommar.
– Plutseleg var KrF villig til å bla opp milliardar av kroner for å tilfredsstille Frps bompengemotstand for så å godta kutt i sosiale ordningar då statsbudsjettet kom på hausten, seier han.
I haust fortalde Erstad i boka «Hareides fall» om det politiske dramaet som gjekk føre seg i KrF hausten 2018.
Mellom anna skildrar Erstad korleis han opplevde at Hareide undervegs vart sviken av nestleiarane Kjell-Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad.
Hareide beklagar utmeldinga
I ei melding til NTB skriv Knut Arild Hareide at han beklagar at Erstad melder seg ut av partiet.
– Alle vi som har hatt gleda å jobbe med Emil veit at han er ein usedvanleg kapasitet KrF så absolutt hadde trunge. Eg vil takke han for den strålande jobben han gjorde for meg og KrF.
– Så er eg ikkje usamd med Emil i dei enkeltsakene han trekkjer fram. Men eg vil oppmode alle KrF-arar til å bli og internt kjempe for ståstaden sin. Emil informerte meg om valet sitt i dag og det må eg respektere, seier Hareide.

Helge Dyrkolbotn tar kraftig oppgjer med KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad og eige parti: «KrF er på veg ein stad der eg ikkje vil vera med. Det vert for trangt og mørkt for meg.»
