«Elsa» byr på springflod: – Sjå til båtar og naust!

Brannsjef Karl Johannes Romarheim oppmodar folk til å sjå til båtar og naust før ekstremvêret sler inn.

Brannsjef Karl Johannes Romarheim oppmodar folk til å sjå til båtar og naust før ekstremvêret sler inn. Foto:

Stormen Elsa kjem med springflod og høge vasstandar, og tilstandane kan bli ikkje ulike dei som var i januar, då ekstremvêret Didrik tok turen innom Vestlandet.

DEL

Brannsjef i Nordhordland Brann og Redning, Karl Johannes Romarheim, seier til Avisa Nordhordland at det er lite brannvesenet kan gjere på å forberede seg til denne typen uvêr.

– Dette er i utgangspunktet ein springflod, eller ein ekstremflo. Det byr på utfordringar spesielt når det gjeld naust og båtar. Då er det avgrensa kva tiltak vi kan gjere, seier han.

Med tanke på mengda med naust som finst innanfor deira område ville det vore krevjande å gjere førebyggande tiltak ved nausta.

– Det finst sikkert ikkje nok sandsekkar i heile Vestland til at vi kunne ha gjort det.

– Sjå til båten undervegs

Romarheim seier at brannvesenet har gjort utstyret klart dersom dei må rykke ut på noko i uvêret, men at det hovudsakleg er dei førebyggande tiltaka folk kan gjere sjølv som har størst gevinst.

– Folk må sjå til båtane og nausta sine. Spesielt dei nausta der ein veit det er utsett for flaum. Då kan ein flytte ting høgare opp i naustet, seier han.

Det kan òg vere lurt å sjå til båten undervegs medan uvêret held på.

– Det hender at fenderane som ligg mellom båten og kaia flyt høgt nok opp til at dei ligg over kaia. Då ligg båten og dunkar inntil kai utan noko demping.

Uvêret Elsa er venta å nå ein topp måndag ettermiddag med oransje farevarsel. Då vil vasstanden vere 60 cm høgare enn det som er meldt i tidevannstabellen. Natt til tysdag når det raudt farevarsel, og vasstanden kan komme opp i inntil ein meter meir enn det tidevannstabellen seier. Også tysdag ettermiddag er farevarselet oransje.

Artikkeltags