Sju av dei tolv lokale laga som denne veka har delteke på Norway cup gjekk vidare til a-sluttspelet i den enorme fotballturneringa på Ekebergsletta i Oslo.

Blant dei finn ein alle dei tre jentelaga til NBK og J15-jentene til Lindås. I tillegg til juniorherrane til NBK og Radøy.

Førstelaget til NBK-gutane i 14-årsklassen er òg klare for a-sluttspelet. Der er det ei jente som har fått minst like mykje merksemd som gutane.

Eline Alver Hordnes (14) markerte seg med eit smell på Ekebergsletta allereie i første kamp mot Pors.

– Måtte rett og slett bort for å sjå

Fotografen som dekkar turneringa for NH, var eigentleg på veg til eit anna oppdrag, då han såg ei skåring heilt utanom det vanlege.

– Eg måtte rett og slett bort for å sjå om det faktisk var ei jente som hadde klinka ballen i nettet, seier frilansfotograf Vidar Alfarnes.

Visst var det ei jente. Og visst var det ei flott skåring.

– Det er det flottaste målet me har skåra her. Ho kom seg laus og klinka til ballen, seier trenar Inge Seljelid.

Venninne-skryt

Venninnene som såg kampen var ikkje så overraska.

– Ho har sendt av garde mange gode langskot den jenta der, skryt Sara Svendsen og Olivia Helland Alver som er på Ekebergsletta for å følgja venninna og søskenbarnet.

– Eg la han til rett og skaut. Så vart det jo jubling og greier. Det var digg å setta den, seier hovudpersonen sjølv til NH.

Til dagleg spelar ho på NBK sitt jentelag i 14-årsklassen, men sidan i fjor haust har ho òg trent med gutane.

14-åringen fortel at det er litt annleis å spela med gutane.

– Det er ganske mykje trykk i spelet, dei reagerer raskare og har gjerne fleire gode individuelle spelarar, fortel NBK-spelaren.

– Klinar til

Trenar Inge Seljelid, som har ansvaret for førstelaget til gutane, fortel at Eline har glidd fint inn i laget.

– På bana er ho så absolutt ein av gutane. Ho klinar til i duellane, og klarar seg veldig bra. Det er jo derfor ho er med, seier trenaren.

At dei mest ambisiøse jentene skal få prøva seg med gutane er ein gjennomtenkt strategi frå klubben. På det andre laget til NBK i G14-klassen har Solveig Brunborg og Valborg Bertelsen fått prøva seg.

– Dei tre som har vore med her har hospitert med oss i vår. Målet er at dei skal få utvikla seg litt ekstra. Det er ein klar strategi frå klubben at dei mest motiverte jentene får vera med gutane, seier Seljelid.

No er målet at Eline og gutane skal komma seg vidare i turneringa.

– Me vil jo komma oss så lengst mogeleg, men det kjem til å verta knalltøft. Nivået er høgt, forsikrar trenaren.

Sjølvkritisk

Eline Alver Hordnes trur òg at laget har potensiale til å få spela fleire kampar i turneringa, men er ikkje berre fornøgd med eigen innsats.

– Den første kampen var veldig bra, men eg er ikkje like nøgd med dei to siste. Men eg har tru på at me kan komma oss vidare, sjølv om me no møter tøffare motstand, seier NBK-spelaren.

Då kan styrkane til jenta på laget vera gode å ha med seg.

– Eg er god til å skyta, og så trur eg at eg er ganske god til å lesa spelet. Når eg spelar med jentene driblar eg nok litt meir, her slår eg meir pasningar.

Er ambisiøs

Hordnes veit iallfall korleis det er å nå langt i ei sommarturnering. Tidlegare i sommar gjekk laget ho til vanleg spelar for, jentelaget, heilt til finalen i Sognefjord cup i Sogndal.

– Men det er gøyare her i Oslo, forsikrar 14-åringen, som ikkje er redd for å vedgå at ho har store ambisjonar på fotballbana.

– Eg vil verta så god som mogeleg, og komma meg inn på eit bra lag. Kanskje først a-laget til NBK og så vidare derifrå, fortel ho.

Onsdag og torsdag skal alle dei lokale laga i sving i a- og b-sluttspelet. Deretter er det vinn eller forsvinn som gjeld.

Det einaste lokale jentelaget som ikkje kom til a-sluttspelet var Masfjord sitt lag i 15-årsklassen. Dei måtte melda pass mot brasilianske sambatakter i siste kamp, etter å ha feira siger i opningskampen.