Aksjonen haldt på i vekene mellom vinterferien og påskeferien. Då samla elevar på mellomtrinna og ungdomsskulen, saman med lærarar, inn pengar til Redd Barna sitt arbeid i Ukraina.

Før aksjonen vart runda av og elevane tok påskeferie, vart heile bygda invitert til ein aksjonskveld.

Elevar frå 7.-trinn fekk ansvar for å leie programmet gjennom kvelden. Etter ein minikonsert-opning med mellomtrinnskoret, var målet å samle inn mest mogleg pengar gjennom ulike aktivitetar.

Ukrainsk suppe og tivoli

Elevane stilte med blant anna ukrainsk suppe i kaféen. Det var også rigga til tivoli der ein kunne prøve seg på alt frå lykkehjul og pilkast til bowling og mjølkespann-halding.

Etter aksjonskvelden hadde Årås skule samla inn over 60.000 kroner som skal gå til arbeidet i Ukraina.

Austrheim kommune skriv på si heimeside at det er om lag dobbelt så mykje som skulen samla inn førre gong det var aksjon, for tre år sidan.