Fryktar privatisering av eldreomsorga

FØre var: Morten Klementsen og Otto Helge Tveit er redde for at Meland kommune vil setja kommunehelsa ut på anbod, og at dei vil gå for privatisering av tenestene. - Vi fryktar at mindre tid til dei eldre vil verta ein konsekvens dersom kommunen går for privatisering.

FØre var: Morten Klementsen og Otto Helge Tveit er redde for at Meland kommune vil setja kommunehelsa ut på anbod, og at dei vil gå for privatisering av tenestene. - Vi fryktar at mindre tid til dei eldre vil verta ein konsekvens dersom kommunen går for privatisering.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Otto Helge Tveit og Morten Klementsen fryktar at Meland kommune vil gå for privatisering av eldreomsorga for å spara pengar. Då fryktar dei alderdommen.

DEL

Tveit og Klementsen representerer Bygdelista Folkeviljen, som med 14 medlemmer stiller med liste til kommande kommuneval. Dei ønskjer mellom anna å kjempa mot privatisering av eldreomsorga i kommunen.

– Eg har førstehandskjennskap til det noverande tilbodet i kommunen, med foreldre som har nytta seg både av heime- tenesta og av sjukeheimsplass. Tilbodet i kommunen er eksepsjonelt bra, takka vera ein god modell og flinke tilsette. Eg fryktar at ei privatisering vil forverra tilbodet kommunen har i dag, seier Tveit.

Han og Klemetsen meiner enkelte parti har uttrykt positivitet for å sjå på privatisering for å spara pengar på helsebudsjettet.

LES OGSÅ: Nytt politisk parti i Meland satsar på direkte demokrati

Dårlegare alderdom

Dersom det i framtida vert aktuelt med privatisering, fryktar Klementsen og Tveit å møta alderdommen i Meland.

– Vi er uroa for kva det vil gjera med helsetilbodet, om det kjem ut på anbod, og dei som er rimelegast får anbodet. Eg kan ikkje skjøna anna enn at det vil gå ut over kvaliteten, seier Klementsen. Han fryktar også for at anbodet kan gå til institusjonar i andre kommunar, og at dei eldre i Meland kan risikera å måtte flytta frå kommunen når dei vert gamle.

– I 2013 hadde kommunen eit knapt fleirtal for å greia ut moglegheitene for privatisering. Vi ønskjer å vera føre var, og heva stemma mot dette no, slik at ikkje helsetenestene vert forverra, seier Klementsen.

LES OGSÅ: Lysbakken åtvarar Lindås mot å privatisera

Skandale

Klementsen og Tveit seier det alt vert brukt for lite pengar på helse i Meland. Dei viser til ei brukarundersøking frå i fjor som syner at brukarane av helsetenestene er mindre nøgde enn tidlegare.

– Meland bruker alt langt mindre pengar på kommunehelse enn i landet og fylket, og langt mindre enn dei andre Nordhordlandskommunane. Privatisering vil gjera det endå verre, seier Klementsen.

– Eg var tilfeldigvis innom sjukeheimen i vinter under ein av stormane der straumen gjekk. Det var heilt mørkt i gangane, og dei tilsette gjekk med lykter på hovudet. Spør du meg er det skandale at sjukeheimen ikkje har naudaggregat, og eit teikn på at det er på tide at kommunen bruker meir pengar på helse, seier Tveit.

LES OGSÅ: Sjukeheimen i Meland var utan straum i eit døgn

Artikkeltags