No må også elbilistane betala bompengar i Hordaland

No må elbileigarar betala bompengar uansett kor dei køyrer i Hordaland.

No må elbileigarar betala bompengar uansett kor dei køyrer i Hordaland. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det blir truleg slutt på gratiskøyring for elbilar i bomringar i Hordaland frå neste år.

DEL

Fylkesrådmannen i Hordaland går inn for at elbileigarar skal betale halv pris i bomringane. Saka skal opp i utval for miljø og samferdsel onsdag. Alt tyder på at ho går gjennom, melder NRK.

– Inntektene i bomringane er ikkje høge nok slik dei er i dag, forklarer fylkesdirektør for samferdsel, Håkon Rasmussen.

– Mange av bompengeavtalane våre er underfinansierte. Noko av dette kjem av at elbildelen er blitt stor. Samtidig har Stortinget vedtatt at elbilar kan betale inntil 50 prosent av ei ferdig rabattert løysing, påpeiker han.

Etter at nye ordningar er vedtatt av fylkeskommunen, skal dei også behandlast av kommunane der bomstasjonane står.

I september i år var 62 prosent av alle selde bilar i Hordaland elektriske, viser tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken.

I Oslo skal det innførast bompengar for elbilar i to omgangar, i 2019 og 2020. Når det heile er innført vil prisen vere 10 kroner i kvar retning utanom rushtrafikken og 15 kroner i rushtrafikken.

Artikkeltags