Alver Arbeidarparti og Nordhordland AUF vil at Alver kommune skal leggja opp til eit breitt og varierande aktivitetstilbod for alle. Men alle familiar har ikkje nødvendigvis råd til å kjøpa alt det utstyret som trengst for å vere med på ulike aktivitetar i vekedagar og helger.

Alver Arbeidarparti ønskjer sterkare fellesskap, og vil at alle skal ha like moglegheiter til t.d. å ta ein helgetur på fjellet i telt eller ta ein sykkeltur med familien. Derfor ønskjer vi at Alver kommune skal oppretta eit utstyrsbibliotek der alle kan låne utstyr for aktivitetar heilt gratis.

Eit utstyrsbibliotek kan då gi alle i Alver kommune eit tilbod om å leiga idrettsutstyr eller musikkinstrument gratis. Då vil alle, uavhengig av foreldra si lommebok, få like moglegheiter til å delta på fritidsaktivitetar.

Alver Arbeidarparti og Nordhordland AUF vil:

* At alle i Alver kommune skal få tilgang til å leiga fritidsutstyr frå eit utstyrsbibliotek gratis.
* At barnehagar, skular og organisasjonar og skal ha moglegheit til å leiga gratis frå eit utstyrsbibliotek.
* At Alver kommune opnar for at frivilligheita kan samarbeide med kommunen kring eit utstyrsbibliotek.

Les også

Svart–hvitt-politikken og de gode løsningene

Les også

Samlingsplass eller bustader?