Gå til sidens hovedinnhold

Eine ferja på Lavik – Oppedal har motortrøbbel, uvisst når den er i drift att

Artikkelen er over 2 år gammel

(Firda) – Bilferja «Stavanger» fekk problem med eine maskina tysdag ettermiddag om lag klokka 18, og vi veit ikkje når den er i drift att, seier Inge André Utåker som er regionsjef for ferjer i Norled.

Ifølgje Utåker er òg reserveferja «Bjørnefjord» ute av drift fordi den manglar ein viktig del til motoren.

– Vi har krav på oss om å få på plass ei reserveferje innan 12 timar. Det greier vi dessverre ikkje denne gongen, fortel Utåker.

Difor vil det utover onsdag berre gå to ferjer på det sterkt trafikkerte E39-sambandet over Sognefjorden mellom Lavik og Oppedal.

Les også

Kjell «Kjellen» Bigset om folk som ikkje betaler på ferja: – Svelenekt resten av livet!

Regionsjefen fortel at B-ruta vil gå kvar heile time fra Lavik og kvar halve time frå Oppedal frem til C-ruta, det vil seie Stavanger, er attende i drift.

– Vi jobbar med å finne ei løysing. Det handlar først og fremst om å få reparert «Stavanger», alternativt reserveferja «Bjørnefjord». Eg vil oppmode dei vegfarande om å følgje med på trafikkmeldingar på www.norled.no, seier Utåker.

 

Kommentarer til denne saken