Fylket sin matattache let seg imponera på Austrheim: – Eit unikt engasjement

LANGTIDSSTEIKT: Lammekjøtet står og godgjer seg i mange timar på låg temperatur for å lokka fram den beste smaken. Matattache Gunnar Nagell Dahl (t.h.) hjelper til med førebuingane. – Til stor inspirasjon for meg, seier Knut Owe Larsen (t.v.).FOTO: Morten Sæle

LANGTIDSSTEIKT: Lammekjøtet står og godgjer seg i mange timar på låg temperatur for å lokka fram den beste smaken. Matattache Gunnar Nagell Dahl (t.h.) hjelper til med førebuingane. – Til stor inspirasjon for meg, seier Knut Owe Larsen (t.v.).FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Denne festivalen har eit stort potensial. Dei fantastiske råvarene og engasjementet kan ingen slå dei på.

DEL

Det seier matattache i Hordaland, Gunnar Nagell Dahl, som vitja «Ein smak av Austrheim» fleire av dagane. Lørdag trådde han til på kjøkkenet i samfunnshuset der han hjelpte til med førebuingane til kveldens middag saman med Knut Owe Larsen frå Knuter Catering.

Uslåeleg på råvarer

– Det fantastiske folket her ute, råvarene, publikum og engasjementet. Skal ein laga noko unikt må ein spela på det ein er god på, seier Nagell Dahl.

LES OGSÅ: Blir bærbønder på Tveiten

– Råvarene er det ingen som kan slå dei på, seier han, med tanke på fersk sjømat.

– Her får ein ferske, gode råvarer rett frå havet. Det er dagsfangst som gjeld, aller nådigast frå dagen før. I Bergen er fisken «fersk» sjølv om den er sju dagar gammal, seier han.

Signalrettar

Matattacheen trur at det å utvikla eit eige konsept med signalrettar og signalprodukt er vegen å gå.

– Ein må få til noko som ein må til Austrheim for å få tak i, då har ein fått til noko unikt. Slike signalrettar eller produkt det hugsar folk, det sit godt i minnet, seier han.

– Stor inspirasjon

Knut Owe Larsen sette pris på å få sjølvaste matattacheen til å hjelpa seg på kjøkkenet.

– Det har vore til stor inspirasjon for meg, seier han.

LES OGSÅ: Forsvarte tittelen i «Ta sjansen»

Lørdag var det grava kvalkjøt og langtidssteikt lam på menyen. Som tilbehøyr har dei mellom anna eple- og rognebærsirup dei har laga sjølv, og ein saus dei har stor tru på.

– Ualminneleg god

– Dette blir ein saus som er ualminneleg god, seier dei to.

– Sausen står på kok heile dagen for å konsentrera krafta. Då er det viktig med gode råvarer.

– Dei gode sausane er noko av det som kjenneteiknar den norske matkulturen. Sjølv kvaliteten på vatnet er viktig. Er vatnet dårleg blir det ti gonger dårlegare av å bli konsentrert, seier Nagell Dahl, som er glad for å få vera med på «Ein smak av Austrheim».

– Med det engasjementet og dugnadsånda som er her er det berre kjekt å få lov å vera ein del av det. Hadde dette vore ein kommersiell aktør hadde eg ikkje ofra det ein tanke, seier han.

Artikkeltags