(BA): Haukeland bekreftar i ei pressemelding laurdag formiddag at ein person fredag blei innlagd med covid-19.

– Dette er ei påminning om at smitten er i samfunnet. No når folk reiser både i Noreg og utlandet, må vi kanskje forvente at det vil komme nye smittetilfelle. Derfor er det viktig at folk ikkje slepp opp og trur at det er over. Folk må ta forholdsreglar og smittevernomsyn, seier kommunikasjonsdirektør Erik Vigander i Helse Bergen.

– Kva tyder dette for beredskapen ved Haukeland?

– Dette har vi tatt høgde for i planane for sommaren. Vi har god beredskap og har lagt opp til at det kan komme ein ny smittebølge.

Han presiserer at dette er eit enkelttilfelle og at det foreløpig ikkje er smitte i samfunnet i Bergen eller andre stader i Noreg som tilseier at det er ei ny bølge på gong.

Les også

Noen alarmer vil for alltid være med meg

– Er pasienten busatt i Noreg eller i utlandet?

– Det kan eg ikkje kommentere.

Han bekreftar at personen ikkje får intensivbehandling, men vil ikkje seie noko om pasienten utover dette.

– Eg kan ikkje kommentere alder, kjønn eller tilstand, seier Vigander.

Sidan 9. mars i år har totalt 71 pasientar vore innlagde. Men det har no gått i underkant av to månader sidan førre koronapasient var innlagd.

Kom frå Haakonsvern - fleire i karantene

BT skriv at den smittade tilhøyrer Haakonsvern, noko talsperson for Forsvarets operative hovudkvarter, Elisabeth Eikeland, bekreftar.

Den smittade skal vere ein ung person. Eikeland fortel at dei har sette i gong tiltak og at alle som er i same kohort som vedkommande, er satt i karantene. Det er også igangsatt smittesporing.