Gå til sidens hovedinnhold

Ein hyllest til annerledesheten

I desse dagar blir Pride feira, ein hyllest til skeiv kjærleik og mangfald. Men når Pride-festen er over, kor djupt stikk vår hyllest til mangfaldet?

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Vi lever i eit samfunn som i stor grad anerkjenner og lønner konformitet. Dei som opplever å ikkje passa inn blir alt for ofte uglesett, mobba og møtt med fordommar og fåkunne.

Har du ei funksjonsnedsetjing, og Gud forby, er skeiv i tillegg, er det vanskeleg å finna ein plass rundt bordet. Du passar ikkje inn og er i mange tilfelle heller ikkje ønskt i det gode selskap.

Arbeidsgivarar har ein tendens til å tilsetja folk som liknar på seg sjølv. Vennegjengar liknar ofte på kvarandre – dei har gjerne same sosioøkonomiske bakgrunn, går i dei same kleda, liker den same musikken og ser dei same filmane. «Konformitet er diskré sosial kontroll, sidan det lønner dei som går i ferdig opptrakka løyper, til rett tid», seier Bjørn Hatterud – kulturskribent, kunstkritikar, kurator, musikar, funksjonshemma og skeiv.

Det kan ha ein høg pris å tilhøyra éin eller fleire minoritetar. «Alle» ønsker i utgangspunktet å passa inn. Men som samfunn treng vi eit større medvit om verdien av andre perspektiv! Vi treng å anerkjenna blikket frå dei som ikkje er kliss like oss sjølve! Det er ikkje dei konforme som får verda til å røra seg framover.

Viss ein klarer å sjå annerledesheten som ein ressurs er det òg frigjerande. I staden for å overtyda verda om at du likevel passar inn, kan du senka skuldrene og tenka at det er du som er ei gåve til verda. Du kan tilby noko verdifullt nettopp fordi du ikkje passar inn i det konforme fellesskapet. Du har eit blikk som er verdifullt, du kan bringa inn andre samtaleemne, du kan tilføra spennande refleksjonar.

Funksjonshemma Fellesorganisasjon Vestland vil gratulera alle som er så heldige å vera annleis, eller får vera ein del av livet til nokon som er det.

Som samfunn må vi byrja å anerkjenna og lønna annleisheita – òg utanom Pride-festen! Happy Pride!

Kommentarer til denne saken