Havbruksnæringa har svært stor effekt på sysselsetting, skatteinngang og industrivekst i Gulen. Me har fleire aktørar innan havbruksnæringa, både på sjø og land, som gjennom meir enn 40 år har skapt aktivitet, arbeidsplassar og skatteinntekter til kommunen.

Utan statlege subsidiar har desse verksemdene satsa store midlar på innovasjon og kunnskapsutvikling, samstundes som dei har investert i lokalmiljøet. Mange lokalsamfunn langs kysten ville vore fråflytta utan denne aktiviteten.

Med dette som bakgrunn har Gulen Høgre teke initiativ til eit felles opprop frå kystkommunane som vert råka av ein varsla ny grunnrenteskatt på havbruk.

Det aktive næringslivet i Gulen har vorte ei sterk motvekt til reduksjon i folketalet ved at nye arbeidsplassar har blitt skapt, og barnefamiliar har flytta til. Dette er ei utvikling kommunen er avhengig av for at ikkje til dømes skule- og barnehagetilbod vert redusert.

Full stans i nye investeringar, som no er varsla frå havbruksnæringa, vil ramme lokalsamfunna våre i form av stopp i nye jobbar i næringa. Eksempelvis vil det lokaleigde selskapet Firda Seafood innføre midlertidig investeringsstans på alle nye planlagde prosjekt i Gulen. Dette medfører at om lag 700 millionar til vidare utvikling, og 50 nye arbeidsplassar, vert lagt på is. Er dette god distriktspolitikk?

Havbruksnæringa er ei av hovudårsakene til at mange leverandørtenester er etablert i distrikta. Desse har stor effekt på sysselsettinga og skapar positive ringverknader i form av auka aktivitet, betre servicetilbod og auka skatteinngang til vertskommunen.

Forslaget om grunnrenteskatt på havbruksnæringa er i realiteten ei pengeflytting frå distriktskommunane til Oslo. Framlegget vil føre til betydeleg reduksjon i alle tilstøytane aktivitetar i dei kystkommunane som vert råka. Det vil igjen føre til mindre aktivitet, reduksjon i tenester og fråflytting.

Med dagens satsar for selskapsskatt, formueskatt, utbytteskatt, eigedomskatt, produksjonsavgift, ny grunnrenteskatt og andre avgifter, kan det totale skattetrykket bli opp mot 85 prosent. Det vert dermed fint lite att til å utvikle selskapet, og samstundes ha buffer til åoverleva dårlege tider. Det er viktig at næringspolitikken er forutsigbar overfor aktørane, og gjev tryggleik i eit lengre perspektiv. Skattesystemet må byggast på ein heilheitleg måte som bidreg til dette.

Det nye skatteutvalet (Torvikutvalet) vil presentere framlegg til endringar i skattesystemet innan 16. desember. Me vonar at konklusjonen der vert ein annan enn den regjeringa har presentert, og at noverande framlegg vert trekt attende og makulert.