Eikåstunnelen stengd grunna trafikkuhell

Det melder Vegtrafikksentralen vest laurdag kveld.

DEL

Eikåstunnelen på E39 skal klokka 18.08 vere stengd grunna eit trafikkuhell.

Politiet opplyser om at to køyretøy er involverte i ulykka.

To førarar og ein passasjer skal alle ha kome seg ut av køyretøya, og naudetatane er på staden.

Det skal ha vore ein påkøyrsle bakfrå.

Alle tre er vakne og bevisste. Dei er køyrt til legevakt for sjekk, melder politiet.


Saka vert oppdatert.

Artikkeltags