Det er gode grunnar til å stilla kritiske spørsmål ved reisa Bergensavisen skreiv om i førre veke, og det er høgst prisverdig at avisa har fortald offentlegheita om reiseplanane. Eit kvart halmstrå som kan tyda på at maktpersonar gjev seg sjølv gode og privilegium bør belysast.

At kommunetoppar får betalt cruise med Statsraad Lehmkuhl på den andre sida av planeten, har mange av ingrediensane som bør få varsellampane til å blinka.

Ikkje uventa, har mange vore kritiske. Reisa vil generera utslepp av klimagassar. Reisa vil kosta relativt mange kroner. Ein kan stilla spørsmål om kva kommunetoppane eigentleg vil få ut av turen.

Likevel har eg tvilt meg fram til at ein kan forsvara at Alver å sender den øvste tillitsvalte i kommunen på tur. Fordi reisa kan gjera ordføraren i kommunen i betre stand til å ta dei rette avgjerdene framover, og fordi Alver kommune ikkje berre nasjonalt, men òg internasjonalt har eit større ansvar enn det mange vil ta innover seg.

Ein del av kritikken mot at Alver kommune sender ordføraren på turen, vitnar om husmannsånd, og ei undervurdering av kommunen si rolle, ansvar og potensiale i dei store utfordringane verda står i.

  • Alver kommune er vertskommune for det desidert største utsleppspunktet på land i Norge.
  • I Alver vert det produsert bensin, diesel og drivstoff til fly. Produkt verdsamfunnet i dag er avhengige av, men som bidreg til store utslepp globalt.
  • Alver kommune er medeigar og vertskommune for dei største hamneanlegga i landet, målt i tonnasje.
  • Alver har, om det offentlege greier å tilrettelegga, potensiale til å verta ein motor i det grøne skiftet.
  • Alver er òg vertskommune for havbruksnæringa, som produserer mat med lågt klimaavtrykk, men som har store miljømessige konsekvensar for økosystema langs kysten.
  • Alver har, som ein del av biosfæreområdet til Unesco, forplikta seg til å satsa tungt på berekraft.
  • Men: Alver kommune har òg eit stort potensiale for å verta ein motor i det grøne skiftet, noko som på sikt kan erstatta fossile arbeidsplassar med grøne arbeidsplassar.

Kommunen er altså ikkje nokon kven som helst når det kjem til klima og berekraft. Å styra kommunen i meir berekraftig lei er den aller viktigaste oppgåva Sara Hamre Sekkingstad har som ordførar.

Ikkje berre fordi Alver har eit moralsk ansvar for å redusera utsleppa av klimagassar, men òg fordi ei hard landing etter oljeeventyret kan få brutale konsekvensar for innbyggarane. Om ikkje Alver er på alerten, tyder mykje på at massearbeidsløyse er konsekvensen den dagen etterspurnaden etter fossil energi dabbar av.

Likevel saknar eg gode svar frå politikarane på korleis kommunen skal handtera denne situasjonen.

Dei svara må politikarane gje oss. For, Alver er ikkje nokon liten aktør som skal stå med hua i handa når det kjem til desse spørsmåla. Det hadde vore illevarslande om Askøy, Bergen og Øygarden reiste på tur for å læra og snakka saman, utan at Alver var ein del av det. For nettopp når desse emna skal på bordet, er det heilt avgjerande at Alver si stemme vert høyrd. Konsekvensane av det motsette kan verta illevarslande for innbyggarane i ein av dei mest oljeavhengige kommunane i landet. Gjort på feil måte, utan at Alver er ein del av løysinga, kan det grøne skiftet få katastrofale konsekvensar for Alver og heile regionen.

Å delta på turen forpliktar. Sara Hamre Sekkingstad reiser ikkje på tur for å sola seg på dekk i Stillehavet, såpass forventingar må me ha til henne, men for å oppdatera seg på dei enorme utfordringane planeten stor overfor, og komma seg eit par hakk nærmare å forstå kva som må gjerast lokalt. Alle dei som trur at klimaendringane og det grøne skiftet ikkje kjem til å råka oss lokalt, treng ei realitetsorientering.

Den store jordomseglinga Statsraad Lehmkuhl har lagt ut på er eit massivt prosjekt for å kasta lys på dei store utfordringane som råkar havet, klimaet og planeten. At Alver bidreg med billetten til ordføraren, er ikkje eit urimeleg stort bidrag.

Likevel er det nokre ankepunkt, som kanskje ikkje var like enkle å få auge på då reisa var planlagt. Me, og kommunen, har vanskelege tider i møte. 60.000 kroner har større verdi for kommunen i dag enn for berre kort tid sidan. Folk i kommunen merkar på kroppen at alt har vorte ein god del dyrare på kort tid. Det er dette signalet som er det mest problematiske med turen; at pengane som vert brukt, kunne ha komme godt med. At ordførarane i Øygarden, Askøy og Alver har funne seg rimelegare hotellsenger enn bergensarane, skal dei ha litt honnør for.

Det er ein ting til som gneg, litt. Konferansar der maktpersonar møtest kan ofte handla mest om å sjå og å verta sett, og kan vera prega av nytale, festtalar og lite reell substans. Her har me i media eit ansvar. Me kan først som sist gje ordføraren ei lekse på reisa; me vil kreva svar når ho kjem tilbake. Kva har ho lært på reisa, kva relevans har det ho har lært for folk og næringsliv i Alver kommune, og korleis skal Alver handtera det store ansvaret som ligg på kommunen når det gjeld klima, berekraft og det grøne skiftet.

Her har kommunen og det offentlege mykje å svara for. Næringslivet har komme lengre enn politikarane når det gjeld å endra kurs når det kjem til berekraft og klima.

Klimaargumenta mot reisa er ikkje særleg gode. Sara Hamre Sekkingstad representerer ikkje seg sjølv når ho set seg på flyet til Japan, men representerer alle innbyggarane i kommunen. Om løysinga på klimautfordringane vert at me i mindre grad reiser for å læra av andre kulturar, lukkar augene for verda og ikkje speidar ut i verda for å finna nye løysingar, kjem me til å verta ein usympatisk gjeng her oppe i nord. Då forsvinn òg fort ein av grunnane til at det hastar å verta meir klimavenlege; solidariteten med dei som allereie merkar konsekvensane av klimaendringane på kroppen. Om me aldri møter dei? Kvifor skal me bry oss?

Det er berre å ønskja ordføraren ein god og lærerik tur, og forventa at ho brukar tida på ein god måte.