Tonane frå songen «Himmelhøge sti» fyller kyrkja og alle dei som har komme i gravferda til Arne-Christian Eide fredag.
Eg ser deg nesten sånn som før
I ei liden fuglafjør
I ei sku som dreiv forbi
På en himmelhøge sti
Fly i fred nå e du fri
35-åringen frå Flatøy omkom i ei luftsportulukke i Loen 13. januar. Speedglideren vart henta ut av eit vanskeleg terreng med redningshelikopter, og legen i helikopteret stadfesta seinare at han hadde mista livet.
Delte minner
– Me er samla for å ta farvel. Det begynte som ein fin dag, ein glad dag. Noko gjekk gale, og fekk det verst tenkelege utfallet. Fortviling, gråt, botnlaus sorg og uvirkeligheit for familie og venner. Men og mykje trøyst og støytte, sa presten Bjørn Tore Sæle.
Han innleia med å seia at no var ein samla for å dela minna. Alt det fine, rare og morosame.
– Me skal løfta blikket. Det er lov å le. Han kunne sjølv le i alle rare situasjonar. Det er ikkje berre mørket i dag, men og lyset. Saman vil me overgje han i Guds hender, til sin siste kvilestad, sa Sæle.
På vegner av aller nærmaste familie las presten minneorda om Arne-Christian, som vart fødd i snøkav 2. desember 1987, og fekk eiga ferje over fjorden for å nå fram til sjukehuset.
Han var nyfiken og sat aldri i ro. Heilt frå han var liten av vart alt skrudd ifrå kvarandre og modifisert. Alt frå syklar til bilar og høgtalarar. Då han lærte seg å sykla og fekk sin første BMX, var det sykkel som gjaldt.
– Han gjekk sin eigen veg, tok sjølvstendige val. Men syklinga hadde sin pris. I vaksen alder var det nesten ikkje noko han ikkje hadde knekt.
Både tårer og latter
Arbeidsplassen var Framo på Flatøy. Der kom han inn i arbeidsveke, så lærlingplass, før han tok fagbrev som industrirørleggar. Han utdanna seg vidare og vart ingeniør.
– Største lidenskap var sykkelen. Han bygde ramper. Ei av dei ned mot sjøen på Flatøy. Ein gong rauk tauet i sykkelen, så den sank til botns. Arne-Christian visste råd, han hoppa i sjøen med ein stein om foten og sprengde trommehinnene samstundes.
Latter fylte kyrkja, det er som presten sa: lov å le, for å minnast han. Fleire gongar vert tårer avløyst av latter, som då historia om då veslesøstera skulle klatre for første gong, og storebroren nekta å sleppa henne ned før ho hadde nådd toppen.
– Han kunne vera direkte og var glad i ein diskusjon, særleg med søstera. Han var irriterande, for han hadde alltid rett, sa presten.
Men i minna etter Arne-Christian er det smilet og gleda han spreidde som dominerer. Og hobbyane han hadde, som han brukte all si tid på.
– Han elska fart og spenning, lagde baner og var viktig i Ekstremsportveko på Voss, las presten.
Han dreiv med både hopping og speedgliding. Men ville ikkje at dei rundt skulle uroa seg. Difor fortalde han ikkje alltid kor han var, fordi han visste det var ein risiko, men han ville utfalde seg.
– Må leva utan han
– 13. januar vart alle bekymringar verkelegheit. Det hadde gått gale. Familie, kjæraste og vener må leva vidare utan han. Han greip livet og fekk gjort så mykje i åra han fekk. Ein som våga å leva. Som han skreiv på russekortet sitt: Det verste er ikkje å døy, men å ikkje leva, las presten.
Mellom dei som delte ei siste helsing i kyrkja, var representantar frå Ekstremsportveko. Dei skildra han som ein storebror i den spesielle sportsfamilien på Voss. Talentet var større enn på sykkelen, han hadde ei spesiell evne til å bygga lag, sa venene, før dei lyste fred over minnet.
– Signe minnet.
Deretter vart songen «Innerbloom» av Rüfüs Du Sol spelt i kyrkja. Ein song Arne-Christian likte spesielt godt.
– Han valde den ofte som bakgrunnsmusikk i film han tok sjølv i flyging med Gopro-kamera. Då me høyrde den med familien, gav den assosiasjonar, fortalde presten, og la til:
– Ein ser for seg Arne-Christian som er ute og flyr. Glad og fri.
