Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I over tjue år har me mot å godta vilkåra og betala ein sum fått fritt tilgjenge til symjebassenget på Fedje, ei ordning som har fungert heilt flott. No har ein jurist i sin visdom funne ut at me ikkje kan ha det slik lenger, men at ein person må sjå på oss når me sym, og sikkert også når me dusjar (me kan jo skli og detta).
Fedje har og eit flott utandørs badeanlegg, og då må jo dei same reglane gjelda der. Alle skjønner jo kor urimeleg dette synspunktet er.
Alle må sjølv ta ansvar for sine handlingar, også når dei badar, både innandørs og utandørs. Så eg både vonar og trur at dei som styrar på Fedje tek til fiskarvetet og let oss få halda fram å bruka bassenget utan noka barnepike til å passa på oss, og ikkje lata seg overstyra av ein jurist i byen.
Bruken av bassenget gjev høgare livskvalitet og trivsel for alle som bur og er på Fedje.