Eg vonar eg kan klara å dela fokus, dela mitt engasjement og ikkje minst dela min empati og kampvilje. Men ein ting står klart - kampen for fjella, for natur, for kultur, for plantar og dyr, for fuglar, for det uforanderlege, for det som bitt tida saman bakover og framover, det som gjev menneska utømeleg kjelder for fysisk og sjeleleg påfyll. Det som ikkje kan seljast for pengar, det som ikkje bytast vekk i kvotar, det som ikkje let seg lura av status - høge lønningar og viktige kontaktnett.

Kort sagt det som berre kan verdsetjast i ein valuta som kan vekslast inn i pengar. Kampen for dette vil eg vera ein del av.

Dette er store ord seier du kanskje, dette er kanskje drøymeri eller flukt frå røynda. Ja, kanskje er det det. Men eg kan ikkje med mitt beste vit, min største vilje eller i min villaste fantasi - forstå den øydelegginga av fjell og natur som følgjer med utbygging av vindindustri på land i Noreg.

Eg forstår det kort og godt ikkje. Menn og kvinner med fine dressar, fine titlar, høge lønningar og konti i utlandet - fortel oss, og ikkje minst, våre politikarar - at dette er heilt naudsynt.

Me må øydeleggja samane sine eldgamle tradisjonar og bruksformer, me må sprenga sund fjelltoppar, grava opp karbonlagra i myra på Stadlandet, me må rasera leveområda til dei truga fuglane ved Runde og på Haramsøy. Me få frata komande generasjonar opplevinga av noko heilt unikt som ein berre kan oppleva i naturen, ved eit tjern, i ein skog eller på ei fjellvidde.

Dette må me øydeleggja for alltid , ja for alltid – berre fordi nokon, som tilfeldigvis også tener litt pengar på det, seier at dette er det grøne skiftet.

NEI dette kan eg ikkje akseptera. Ikkje som grunneigar, ikkje som arealplanleggjar, ikkje som miljøforkjempar, ikkje som ein som hentar energi og livsmot i fjella - og ikkje som far.

Så lenge menneska har eksistert har dei nytta naturen og det som den har hatt å gje. Men til no har det i stor grad vore på naturen sine premiss. Me har underordna oss slik bileta syner. Det er store skilnad på å nytta og å utnytta.

Difor skal eg kjempa mot vindindustri på land også i 2023.

Bileta eg ofte deler er ikkje dei mest spektakulære. Ikkje dei med størst utsikt og dei største viddene. Livet handlar ofte om dei små tinga i kvardagen. Det same gjer opplevingane i naturen. Gleda ved arbeidsame maur, ein morosam stein, eit kunstverk av lav på breskura berg, eller ein steingard langt inne på fjellet som nokon ein gong i ein faren tid – såg nytte i.

Eg helsar det nye året velkomen.

Eg ber om at mine etterkomarar i mange generasjonar skal kunne gjera det same, gjerne på Matresmannen, Gleinefjellet, Svafjellet eller Skavlavatnet ved soloppgang – utan at utsynet deira er prega av vegar, sundsprengt fjell og 250 m høge vindturbinar.

Eg har ein von - eg har ei tru - på at denne kampen skal me vinna – me må vinna – for naturen og framtidige generasjonar.

Innlegget vart først publisert i Bergens Tidende.