Eg viser til avisa Nordhordland der viktige organisasjonar mot vindkraft som blant anna Folk for fjella ber partia om svar eller standpunkt i vindkraftsaka.

For meg er dette eit viktig spørsmål, og ei sak vi ikkje må gløyme. Sjølv om kommunestyret i Alver har uttalt eit samrøystes nei til vindkraft i fjellområda i Alver og Nordhordland, og eg sjølv inkludert har vore tydeleg frå dag 1 på dette spørsmålet, så kan vi ikkje kvile og tenkje at kampen er over. Kampen er ikkje over.

Vindkraft i fjellområda blir utfordra heile tida, og vi må arbeide for at ikkje ein einaste vindturbin skal finne vegen inn i fjella.

Sjølv har eg tatt eit verdival, og for meg handler dette om å ta vare på naturverdiane, det utruleg flotte naturmangfaldet i fjella og overlate dei til våre nye generasjoner. Det er eit forvaltaransvar.

Mitt parti KrF og Alver KrF har programfesta dette i inneverande periode. I desse dagar vert det arbeidd med det politiske programmet for neste kommunestyreperiode. Det er ikkje ferdig ennå, men skal få sitt vedtak til våren. Eg kjem til å spele inn det same punktet som i inneverande periode: at Alver KrF seier eit tydeleg NEI til vindkraft i fjellområda våre. Alver KrF er heller ikkje ferdig med nominasjonen til kommunevalet. Eg stiller meg til disposisjon for neste års val, så får eg sjå korleis dette blir til slutt.

Fornybar energi er viktig og riktig, men vindkraft på land i fjella, i verdifull natur er ikkje løysinga for å nå målet om meir fornybar.

Eg har tatt eit verdival, eg står fjellstøtt i det. Eg vil også nytte høve til å takke Folk for fjella og dei andre organisasjonane som har utfordra politikarane for engasjementet og at de står på for naturen.

Les også

Kvar står partia i vindkraftsaka? Me ber om svar