Eg har jobba i privat barnehage i 21 år og barnehagesektoren har vore i stor utvikling sidan eg starta i yrket, og det er eg glad for!

Vi veit stadig meir om kor viktige dei første åra av barnet sitt liv er, og korleis dei viktige vaksne rundt barna kan gjera ein stor forskjell. Dei siste åra har det frå sentrale myndigheiter vore eit stort press på sektoren vår. Tida med handtering av pandemi der vi hadde verdas viktigaste jobb, har fort gått over til ein dragkamp om kven som skal eiga og drifta barnehagane i landet vårt. Vi har no ei regjering som har skapt stor usikkerheit i sektoren, særskild for dei private barnehagane.

Vi som er ein del av ein barnehagekjede opplever stadig og måtte kjempe for og forsvare vår eksistens. Det er 177 FUS barnehagar over heile landet. Eg er ein del av nettverk Vestland, der det er 14 FUS barnehagar frå Florø, Hardanger og kommunane i og rundt Bergen. Vi jobbar systematisk for å levere tilbod av høg kvalitet. Vi har ein eigar som satsar stort på kompetanseheving for heile personalet.

Arbeid med å fremje kvalitet og god psykisk helse gjennom verktøy som «Tuning in to Kids» og «Class» har stått øvst på prioriteringslista i FUS barnehagane. I Norge brukar vi milliardar av kroner på å reparere psykisk helse kvart år. Professor i helsepsykologi Arne Holte seier at det viktigaste arbeidet med å fremje god psykisk helse skjer i barnehagane.

Kva med å sette litt meir ressursar inn i førebyggingsarbeidet?

Vi opplever i nettverket vårt utfordringar med å skaffa kvalifisert personale. Vi er uroa over utviklinga når dyktige tilsette søker seg vekk frå barnehage fordi arbeidsbelastninga blir for stor. Talet på søkarar til barnehagelærarutdanning går nedover. Kunnskapsminister Brenna ønsker med ny barnehagestrategi å auke delen av tilsette med utdanning. Men kva gjer regjeringa for å behalde dei fantastiske folka som finns rundt i barnehagane våre?

Jo meir kunnskap eg har fått om barn og deira utvikling blir eg meir og meir uroleg for dei vala politikarane gjer for sektoren vår. Krava til kvalitet aukar og det er flott, men no er det på tide å ruste opp! Vi vil ha ein sjanse til å holde fokuset på det vi veit er verdas viktigaste jobb!

Til vanleg vil eg sei at eg er ein ganske roleg person, men i det siste har eg fått ei sterk trong til å ropa høgt: « Eg skjønar ikkje at de tør!»

Eg skjønar ikkje at de tør å ta fokuset bort frå det som faktisk er viktig for kvaliteten for barna våre!

At de tør å la være å satse på dei yngste barna!

At de ikkje lyttar til oss med lang erfaring og fagkunnskap!

At de ikkje skjønar at tidleg innsats startar dei første åra i livet!

At det må vera nok tid til å planlegga og følgje opp barna utan at det går ut over bemanninga på avdelinga!

At de ikkje skjønar at det må vera nok hender og fang til dei barna som treng det heile dagen!