Fyrst vil eg takke for moglegheita til å svare på viktige spørsmål i samband med vindkraft i fjellområda.

Eg har vore, og er tydeleg på at naturen, friluftsområda, rekreasjonsområda er verdfulle og har sin eigenverdi.

Eg har personleg tatt eit verdival når det kjem til vindkraft i fjellområda og elles på land når naturen må vike for industrien.

Eg har tatt dette valet fordi forvaltaransvaret må gjelde no og for våre framtidige generasjonar.

Les også

No vil vi høyre kva de eigentleg meiner

Så til spørsmåla:

1. Er du som politikar i ditt parti einig med partiprogrammet sine formuleringar om vindkraft i fjella/på land?

SVAR: KrF har eit godt program der naturen har fått ei tydeleg stemme. Blant anna skal det ikkje byggjast i naturen dersom det går på kostnad av naturmangfald. Programmet omtaler vindkraft, og er blitt stramma inn frå førre programperiode. Sjølv skulle eg ha ønskt eit enda tydlegare program på området, men er glad for at vern av natur og miljø er kap. 2 i programmet og har stor prioritet.

2. Er du einig i at det ikkje skal byggjast vindturbinar i fjellheimen/på land?

SVAR: Heilt einig med dykk!

3. Viss svaret er ja på spørsmål 2, vil du stemme mot ditt parti sitt eventuelle positive standpunkt i vindkraftsaka?

SVAR: Eg vil stemme utifrå mi overtyding og stemme mot dersom det skulle bli aktuelt. Nettopp fordi eg har tatt eit verdival på dette.

4. Korleis vil du jobbe på Stortinget og i partiet ditt mot vindkraftindustri i fjella våre?

SVAR: Eg vil jobbe slik eg har gjort lokalt, kunnskapsbasert, kva som står på spel for naturen, og eg vil invitere til temamøte på Stortinget både for partiet, men også eksternt. Eg vil også ha kontakten med lokalsamfunna.

5. Korleis vil du jobbe saman med oss som aksjonsgrupper mot vindkraft?

SVAR: Eg vil ha kontakt og dialogmøte med dykk, lære og lytte og ikkje minst få kome ut og sjå og møte dykk som kjemper kampen. Eg vil stå i lag med dykk!

6. Kva vil du stemme viss det blir fremja statleg plan om bygging av vindkraftanlegg som strir mot kommunar sin arealplan eller negative vedtak i kommunestyre?

SVAR: Eg vil stemme mot statleg plan og vere på lag med kommunen.

Takk for spørsmåla, eg heier på naturen!