Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg har alltid vore ei utåtvend jente med fleire venar, og har alltid gleda meg til å gå på festar for å snakka med nye folk. No har det likevel blitt slik at eg gruar meg til kvar helg.
Eg prøver å lage planar heile helga slik at eg heller kan seia «eg kan ikkje» enn «eg er ikkje invitert». Eg klarar ikkje heilt å setja ord på kor vond den kjensla er: Å vita at det skal vera ein fest til helga, over 100 er invitert, men at eg ikkje er blant dei.
Mange ungdommar i dagens samfunn blir ikkje inviterte på festar. Har nokon eigentleg tenkt på kor mykje det påverkar dei?
Heilt sidan eg byrja på ungdomsskulen, har eg idealisert vidaregåande og alt som høyrer til. Alt frå å ha meir ansvar for seg sjølv til fest og drikking i helgene. Fest har alltid blitt framheva og sett på som ein stor del av vidaregåande. Men kva med dei som ikkje blir inviterte? Dei som ser Snap Stories av alle andre som er på festen på for eksempel Lindås. Eller dei som høyrer alle snakke om den festen på Sotra som alle skal på. Det suget i magen ein får når venane dine spør deg «skal du på festen i helga» og ein blir nøydd å svara «eg er ikkje invitert». Det er flautt.
Viss du byrjar vidaregåande med ein skeiv start, har du eigentleg øydelagt hele skulegangen din. Viss du gjer noko dumt, eller blir uven med ein av dei populære, er du garantert at folk ikkje vil vita av deg. Då hjelper det ikkje kven du spør eller kor mykje du masar om å få koma, det er alltid dei med flest venar som først blir invitert.
Eg synest at me som ungdommar burde tenkja over korleis andre har det og korleis det kan kjennast å bli utestengd. Fest og samvær er ein stor del av ungdomstida, og det skal ikkje berre vera for dei mest populære.

Kvar helg er det fest, men ikkje alle får komme: – Skikkeleg dritt følelse

Å vera nynorskbrukar er å tilhøyra ein minoritet
