Les i avisa om Arnold Matre sine visjonar og fantasiar. Her er det meste som skjer i dag ille, og vi burde vel gått tilbake til hest og kjerre, og robåt, når vi skal utanfor bygda.

I fleire generasjonar har Masfjorden og Nordhordland hatt mange arbeidsplassar og stor utvikling på grunn av at naturressursar har vorte utnytta. Vasskrafta som vert produsert har stor betydning, lokalt og nasjonalt.

Det har vorte bygd vegar, dammar og linjenett i fjella. Folk brukar desse vegane, og ein høyrer ikkje noko om at det er så ille med veg opp i fjellet. Dei som ikkje vil ha vegar i fjella, brukar også desse vegane. Merkeleg!

Les også

Eg vel meg fjella i 2023

Det er litt komisk at når Arnold drar BT med seg til fjells, køyrer dei anleggsvegen opp til cirka 500 meter over havet, og går resten, cirka 250 høgdemeter, opp til Gleinefjellet. Det har vel neppe skjedd at Arnold har gått frå sjønivå på Matre og opp på Gleinefjellet.

Det er ei 50 meter høg mast på Gleinefjellet, og det går ei 122kw høgspentlinje gjennom området. Desse er aldri med på bilde frå området. Det er ikkje eit urørt område!

Berre for å ha det klart. Arnold er ikkje grunneigar på Gleinefjellet. Eg er ein av fleire grunneiere i området, og har stilt området til disposisjon for eventuell vindkraftutbygging.

Arnold Matre har bestemt seg for at han skal styre over kva andre grunneigarar skal få gjere på sin grunn. Snakk om å gjere seg sjølv til konge.

Eg er for vindkraft, og vil at vi skal fortsette utviklinga av samfunnet, i motsetning til Arnold som vil stoppe alt. Det ender vel med at han er mot seg sjølv også!

Om slike meiningar skulle rådd for 80 år sidan, hadde vi nok hatt Oddgeir Bruaset på besøk for lenge sidan!