Gå til sidens hovedinnhold

5.-plass på Eikanger- Bjørsvik musikklag

Artikkelen er over 2 år gammel

Det vart ikkje nokon ny EM-suksess for Eikanger-Bjørsvik musikklag under årets meisterskap.

Dei måtte sjå heile fire brassband koma føre seg i årets meisterskap.

EBML samla 187 poeng, som var åtte poeng mindre enn vinnaren, sveitsiske Valaisia brassband.

EBML samla heile 97 poeng på sitt eigenvalde stykke, som var nest best. På pliktnummeret fekk dei berre 90 poeng, som var langt bak dei beste. Faktisk va det berre fem band som fekk lågare poengsum på det stykket.

Stavanger brassband fekk tredjeplass i EM.

  30 år sidan «mirakelet» skjedde

Kommentarer til denne saken