Det seier Fredrik Schmidt Fotland, som no vil samla korpshistoria mellom to permar.

– Målsettinga med bokprosjektet er å beskriva og formidla dette unike miljøet heilt frå framveksten tidleg på 1970-talet, seier han.

Dei gode historiene

– Vi vil ha tak i alle historiene, korleis det starta og korleis det har vore, seier Fotland, og nemner den godlyndte rivaliseringa mellom Eikanger-Bjørsvik og Manger Musikklag som eit døme.

I boka vil det vera plass til heile korpsrørsla, ikkje berre dei største aktørane.

– Heile korpsmiljøet vil bli dokumentert, både skulekorps, brass og janitsjar, alle skal med.

Fotland er forfattar og driv eit lite forlag, og vil sjølv stå for jobben med å få prosjektet i hamn.

– Eg gler meg til å setta meg i bilen og reisa rundt og intervjua folk, seier han.

Fordelt på korpsa

Om dei klarer å fullfinansiera prosjektet er tanken å trykka 5000 bøker som vert fordelt på dei ulike korpsa for vidaresal, noko som vil generere gode inntekter.

– Vi vil nøre innunder den dugnadsånda som ligg i ryggmargen til korpsa, og få spreidd bodskapen på det viset, seier Fotland, som håpar kommunane i Nordhordland vil bidra til prosjektet.

Sjølve jobben med innhenting av materiale startar utpå våren, planen er å ha boka klar i 2017.

– Kanskje Brass-NM 2017 kan vera eit mål, seier Fotland.