Stengte tre tunnelar i Masfjorden grunna frykt for brann

DEL

OPPDATERT: Klokka 11.35 melder Vest politidistrikt på Twitter at tunnelane er opna att. Den trulege årsaken til stenginga var brann i ein skøyteledning.

Det var klokka 09.50 politiet fekk melding om ein brann i ein straumkabel i ein tunnel.

Vegtrafikksentralen stengte både Masfjord, Matreberg og Trodalstunnelane.

– Me fekk fyrst melding om brann i Matrebergtunnelen, så i Masfjordtunnelen. No ventar me til brannvesenet har kome fram til staden, sa Kjetil Larsen ved Vegtrafikksentralen til avisa Nordhordland.

Han fortalte dei og hadde stengt Trodalstunnelen då den ligg i umiddelbar nærleik og for å ikkje få opphoping av bilar inne i tunnelen medan vegen var stengt.

Larsen sa at alt dei førebels veit er at det er snakk om brann i ein kabel. Men kva kabel det er, er ein enno ikkje sikker på.

– Det er ingen tekniske feil som følgje av brannen. Men det går føre seg oppgraderingsarbeid i tunnelane, seier han.

Det er ikkje folk som jobbar med oppgraderingsarbeidet på dagtid.

Det skal ikkje vera bilar att i tunnelen. Det er ikkje meldt om skadde personar, melder operasjonssentralen til Vest politidistrikt på Twitter.

Larsen seier dei veit enno ikkje kor lenge tunnelane vert stengt.

– Me ventar på tilbakemelding frå brannvesenet. Me må få det avklart før me torer å spå noko, seier han.

Politiet er på staden og undersøker i Masfjordtunnelen, dei melder på Twitter at det ikkje er noko som tydar på brann.

Saka vert oppdatert

Artikkeltags