Full mann velta fleire gonger på moped

Ferden endte ved Rema 1000 på Ostereidet. Mannen ble tatt med til legevakt for blodprøve.

Ferden endte ved Rema 1000 på Ostereidet. Mannen ble tatt med til legevakt for blodprøve. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Først velta han ut i grøfta. Så heldt han på å kollidere med ein lastebil. Ferda enda ved Rema 1000 på Ostereidet.

DEL

Klokka 2130 byrja dei fyrste meldingane å tikka inn til politiet frå E39.

– Vi fekk fleire telefonar om at ein moped vingla fram og tilbake i vegbana mellom Knarvik og Ostereidet. Blant anna stoppa den helt opp og velta ut i grøfta. Deretter fortsette ferda, og mopedisten heldt på å kollidera med ein lastebil, seier operasjonsleiar Morten Kronen i politiet til BA.

Deretter slutta meldingane ein liten periode, før det kom ei ny melding frå Ostereidet.

– Da hadde han velta på ny, og låg strak ut ved mopeden. Då patruljen kom fram var den første tilbakemeldinga at han openbert var påverka av alkohol, seier Kronen.

– Kunne gått mykje verre

Mannen, som er ein litauar i 40-årene, vart tatt med av ambulansen til legevakt kor det også vil bli tatt blodprøve.

– Han har ikkje blåst i alkometer, men det er ikkje tvil om at han har fått i seg meir enn nok, seier Kronen, og fortset:

– Det er eigentleg eit under at dette gjekk såpass bra. Det er ein trafikkert veg ein fredags kveld, og kunne fort enda tragisk. Heldigvis var det ingen som køyrde på ham, men det kunne fort gått verre.

Artikkeltags