MC har køyrd i autovernet på E39

DEL

Naudetatane rykka klokka 08.20 ut til ei motorsykkelulykke i Gjervik på E39.

Motorsykkelen skal ha køyrd i eit autovern etter ei forbikøyring.

Det stadfestar etterforskingsleiar ved Nordhordland lensmannskontor, Glenn Ulrik Våge, overfor avisa Nordhordland.

– Det har vitner fortalt politiet, seier han.

Våge peikar og på at det var våt vegbane på staden.

MC-føraren sin helsetilstand er ukjend, men føraren er sendt til Haukeland universitetssjukehus for undersøkingar.

Det danna seg raskt lange køar på staden, men trafikken vert dirigert forbi ulykkesstaden. Rundt klokka ni var bilbergar på staden og politiet opna vegen kort tid etter.

MC-ulukke Gjervik

MC-ulukke Gjervik Foto:

Artikkeltags