Rapport: Fleire vegprosjekt trua av enorm kostnadsauke

E39 ved Haukås

E39 ved Haukås Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det er høgst usikkert om alle nye vegprosjekt i Nasjonal transportplan (NTP) blir realisert, trass ramma på 1.000 milliardar kroner, ifølgje ein ny rapport.

DEL

Oslo Economics viser til at vegprosjekt i gjennomsnitt blir 40 prosent dyrare frå dei blir omtalt i planen til dei er ferdig planlagt og klare til bygging.

– Om kostnadane i planfasen fortset å auke tilsvarande kommande år, vil vi ikkje få dei vegane framover som vi er førespegla. Dette gjeld sjølv om Stortinget skulle løyve middel tilsvarande rammene til NTP, åtvarar seniorøkonom Eirik Nøren Stenersen i Oslo Economics.

Vidare nemner dei 15 konkrete prosjekt som kan ryke, blant anna E39 Ådland – Svegatjørn (Hordfast), og E39 Ålesund–Molde (Møreaksen). Det er prosjekt med oppstart langt fram i tid, eller som ikkje er fullt finansierte i planperioden, som først står i fare for å ryke.

Rapporten er bestilt av Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg og Veidekke, som begge uttrykkjer bekymring. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) seier til VG at også han over lang tid har vore bekymra for kostnadsauken, og varslar at han har planlagt tiltak for å få ned kostnadsnivået.

– Rapporten viser ein stor kostnadsvekst. Men det er fleire fasar i eit prosjekt. Frå ein begynner å greie ut eit prosjekt ser ein ein kostnadsauke på rundt 40 prosent. Men der ein blir ferdig på plansida er kostnadane under kontroll. Kostnadsauken kjem blant anna av lokale krav og at prosjekta utviklar seg i ei meir ambisiøs retning, seier han til avisa.

Statsråden kan ikkje garantere at alle vegprosjekta blir realiserte, men seier målet er å få gjennomført alle.

(©NPK)

Artikkeltags