Køyrde av vegen og enda i ein stein – 60 meter unna!

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

No har politiet tatt frå han førarkortet.

DEL

Ein mann i 20-åra sovna truleg bak rattet tysdag morgon og klarte med det å køyra av vegen i 70-sona på Lindås.

Ferda stoppa ikkje før han hadde køyrd 60 meter og enda i ein stor stein.

Dette førte til at politiet tok frå mannen førarkortet.

– Det handlar om graden av aktløyse. Hadde det gått nokon langs vegen samstundes, hadde dei vorte treft av bilen, seier lensmann Kjell Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannsdistrikt til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Ulykke bakfrå på Nordhordlandsbrua

Det har ikkje vore dei mest hektiske dagane i Nordhordland i byrjinga av denne veka, men tysdag ettermiddag måtte politiet og Røde Kors ut på ein leiteaksjon på fjellet Austlendingen.

Ei dame i midten av 40 åra hadde gått seg vill på veg ned frå fjellet.

– Ho ringde og s at ho hadde komme vekk frå stien, og vågde ikkje å gå ned, seier Vangberg.

Etter ein kort leiteaksjon klarte dei å finna kvinna.

LES OGSÅ: Hordviktunnelen var stengt

Natt til tysdag måtte politiet ta seg ein tur til Mjåtveitvegen på Frekhaug etter meldingar om ein gjeng ungdommar som hadde ein «samankomst» og var høglydte.

– Dei fekk beskjed om å roa seg ned, seier Vangberg.

Onsdag byrja politiet med eit oppdrag på Hagelsundbrua, då dei måtte sperra vegen etter at ein betongbil hadde sølt betong i vegbana på E39 frå Hagelsundbrua til Mundalsbergtunnelen.

Vegen vart sperra ei lita stund medan betongen vart spylt vekk frå vegbana.

– Me veit kva bil det er snakk om og føl opp saka frå det, sluttar Vangberg.

LES OGSÅ: Politiet dukka opp på døra i uniform – då hagla det med trugsmål

Artikkeltags