E39 var delvis stengt etter at bil køyrde av vegen i Eikangervåg

DEL

Vest politidistrikt melder klokka 06.43 måndag morgon om at ein bil skal ha køyrd av vegen ved Eikangervåg i Lindås.

Det skal berre ha vore ein person i bilen og føraren skal ha kome seg ut av bilen og er vaken og medviten, melder politiet.

– Bilen skal fyrst ha kome utfor vegen på ei side før den så køyrde ut på andre sida, seier fungerande lensmann Ivar Holmaas til avisa Nordhordland.

Føraren, ein mann på 83, vart sendt til Haukeland universitetssjukehus for undersøkingar.

Politiet har oppretta sak og vil ta førarkortet frå mannen.

Vegen var stengt i eit felt og trafikken vart dirrigert forbi staden.


Artikkeltags