Fem vogntog slit på vinterføre på E39 i Gulen

GULEN: Først fekk politiet melding om ein utanlandsk trailer. Då dei kom fram viste det seg å gjelde fem trailerar til.

DEL

(Firda) Klokka 11.20 melde Vest politidistrikt at seks vogntog slit på vinterføre mellom Instefjord og Jernfjelltunnelen på E39 i Gulen.

– Den første meldinga gjekk ut på ein trailer sleit. Då patruljen kom til staden viste det seg at det var snakk om fem trailerar til. No jobbar dei alle med å sette kjettingar på. Trafikken går greitt forbi. Alle står på nordsida av Smogevatnet, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt like før 11.30.

Det skal vere svært glatt på staden.

– Allle var dårleg skodde. No er eitt vogntog fjerna, men dei dei resterande står der framleis, seier Jan Erikstad på Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Også på rv. 13 sperrar eit vogntog vegen frå Vik-sida. Bilbergar frå Voss er på veg. Politiet er plass.

Vegtrafikksentralen ber deg sjekke vegtilhøva utover ettermiddagen om du skal over fjellet. Der kan det bli skikkeleg ruskete, seier Erikstad. 

Saka vert oppdatert.

Først kjem det meir snø, så kjem regnet tilbake 

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags