E39: Munkebotntunnelen stengd

DEL

Måndag morgon klokka 0800 melder Vegtrafikksentralen at E39 Munkebotntunnelen er stengd grunna oppryddingsarbeid.

Tunnelen vil bli stengt i mellom 30 og 60 minuttar.

– Ein tilsett i Statens vegvesen køyrde tilfeldigvis gjennom tunnelen og oppdaga at det hang noko ned frå tunneltaket. Han tok umiddelbart kontakt med entreprenør. Vi har stengt tunnelen, og entreprenør har rykt ut, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, John Andreas Omdal til BA.

Klokka 0832 melder Vegtrafikksentralen at tunnelen er open igjen.

- Det var nokre betongrestar frå nattas arbeid som no er rydda, skriv dei.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken