Leif Bognøy frå fiskemottaket i Mastrevik viser fram gapet på kamtannhaien som eigentleg skulle plaska rundt lenger sør på kloden.

Det var Ove Unneland og sonen Vidar frå Ånneland i Gulen som drog beistet opp av det våte element. Dei to driv som yrkesfiskarar etter breiflabb, og i tillegg med oppdrett av torsk. Storfangsten vart gjort mellom Hille og Tungodden, fortel Ove.

– Dette er eit sjeldan syn. Vi er vande med å få alt frå gamle vaskemaskiner til tømmerstokkar i garnet, men ein slik krabat vert det nok lenge til vi ser att, seier Ove.

Han fortel at haien var sprell levande då garnet vart dradd, men at den nær to meter lange karen med sylskarpe tenner oppførte seg eksemplarisk. Ove avviser at han og sonen vart skremde då dei såg kva som kom opp av sjøen.

– Det skal meir til for å skremma oss, ler yrkesfiskaren.

Ikkje i stova&

Haien vart bløgga, før dei ringde til familien for å få foreviga storfangsten på land.

– Det brukar vi alltid å gjera om vi får spesielle ting. Mellom anna har vi dradd eit par svære kveiter, fortel Ove. Etter fotograferinga ringde han Leif Bognøy på fiskemottaket for å få greie på kva art han hadde fått.

– Artig at det var ein så sjeldan gjest, og kjekt at fangsten kan hamna hjå museet, seier fiskaren frå Gulen som sjølv var inne på tanken om å få haien stoppa ut.

– Men kor skulle ein ha hatt noko slikt, ikkje i stova i alle fall, gliser han.

Kan bli åtte meter

Førsteamanuensis Ingvard Byrkjedal ved Bergen museum kan beroliga dei som fryktar for badesesongen 2006.

– Kamtannhaien et fisk og kreps, og går i tillegg for å vera forholdsvis roleg og sløv. Så arten er ikkje farleg for folk. Men den kan bli stor. Det største eksemplaret eg har høyrt om blei tatt utanfor England og målte åtte meter, fortel Byrkjedal.

Viktige bidrag

Haien held normalt til på begge sider av ekvator, og går sjeldan lenger nord enn om ein trekkjer ei line i havet mellom Shetland og Jylland.

– Det er gjort nokre få funn i Noreg, men her på Vestlandet kjenner eg berre til to, fortel Byrkjedal. Han seier elles at fiskarar som Ove Unneland bidrar mykje til samlingane museet har.

– Vi får i all hovudsak inn eksemplar på to måtar, anten frå regulære forskingstokt, eller ved at fiskarar får noko spesielt og tek kontakt med oss. Det set vi stor pris på. Eksemplara som kjem inn er viktig for forsking, mellom anna som DNA-kjelde, seier Byrkjedal til nh.